Lørdag. 07. November.

For ei veke det har vore. Fire dager med intensiv leiting etter ni ponnier som plutselig var sporlaust vekke. Fant dei heldigvis etterkvart på toppen av et fjell i nærleiken. Crazy gang. 😎

Nokre snille og vakre sauer og lamm har blitt sendt til slakt. 😥 Liker det absolutt ikkje.

Været har vore fantastisk fint. Og det trengtes etter ein våt og kald sommar.

Paringssauene er komne i hus. Lamma og pensjonistane er i hus. Halvparten av værane er og i fjøsen. Så berre nokre værer att på beitet. Åtte stk i utmarksbeitet som ikkje var klar for å komme på bøen enno (Les hester og strømmgjerde var i veien. 😉) Og gjeldsauene er inkvartert på vinterbeitet.

Vi har mista to gode venner på gården.

Sander den flotte og snille monsen vår på 2 år fikk en alvorlig luftveisinfeksjon som han ikkje vart frisk av. R.I.P. Sander.

Og ei av dei flotte kvite hønene vart offer for hønsehauken. Ho var akkurat kommet gjennom mytinga og hadde fått flotte nye fjær. Tok hønsehauken på fersken så ingen tvil om skyldspørsmålet. R.I.P. snille kvite høna.

 

Husbygginga er i gang igjen. Etter snekkeren har hat to veker med ferie. Vi har valgt kjøkken. Berre tusen detaljvalg igjen rundt heile huset.

Har solgt en del værer og værlamm til avl rundt om kring. Og en flokk sauer er og tinga.

Tirsdag. 06.Oktober.

Endelig litt tørt og fint haustver. Ponniane og sauene likar det. 🙂

Kåringa er overstått for i år. Hadde med to voksne værar. Oddvar GNS som fekk 1.pr. og Arnold grå trønder som fekk 2.pr. Sju værlamm som alle vart kåra. 1 sjeviot. 3 grå trønder derav fekk 1 1.pr. 3 GNS og derav fekk 1 Arnbjørn 1.pr. og en fekk 2.pr og Jonsokgutten til veslebonden vart kåra. 🙂

 

Vi har fått oss sju nye brune høns. Dei er flinke å verpe og meir og meir "normale" høner etter tilvære i gigaflokk. Ei av dei kvite hønene vart tatt av eit rovdyr. Trist å miste ei frisk kvit høne sånn. 😥

Huset veks framm dag for dag. Rart og godt att det berre er eit halvt år til vi flytter til Gryta igjen. På tide vil nok mange seie. Spennande å skulle få vårt heilt eige hus som ingen har budd i før. 🙂

Berre to kattungar att å selge. Ei er tinga og om ikkje det kjem noke seriøse folk til sistemann får han bli her. Må omplassere Sander uansett så då blir kattetalet konstant. 😉 Sander vart kastrert her om dagen. Blir stadig jaga av dei andre kattane. Så no må han bli i form og så flytte til noken som kan ha han som huskatt. 😎

Alle ponniane er tilbake i Gryta og omland. Det er ganske fint. 🙂

Lammesauene og lamma er klipt. Berre nokre få værer og værlamm evt att å klippe om en mnds tid.

Vaska 2.etg, foreta ute, låvebrua, brua i andre, og foreta i første. Berre hesteboksane og ute i første att å vaske.

 

 

Laurdag. 12. September.

Travle tider. Golvet på huset vårt er klart og veggane kjem sakte og sikkert på plass. 

Fem av kattungane har flytta. To skal vi beholde og fire leiter fortsatt etter gode eigarar.

Valet er om to dager. Og med ærleg jordnær politikk for folk flest blir det spanande å sjå resultatet.

Ellers går det mykje i kurs. Lærer mykje kvar dag. 

Søndag. 30.August.

Skikkelig god dag på hoppesjået i dag.

Grytas Esmeralda 2.pr kval I og Stjernens Mini Sunlollie 2.pr kval II. Heilt overvelda. Både eg og Viktoria var overlykkelige for dei gode resultata. Viktoria skulle egentlig stille Lollie sjølv turte ikkje det likevel men men var no med og fekk premien for hoppa si. Og kjempestolt. Esmeralda var eg så heldig å få overta tilbake etter to år som leigd avlshoppe. Tusen takk til Paula for det. Og tusen takk til Mariann, Solea, og Kira for all assistanse på hoppesjået. Hadde ikkje gått uten dokke og den fantastiske samboeren og stesønnen som og var med og bidrog på mange måtar. Følla var og snille og tolmodige.

Søndag. 2.August.

Her er det mildt sagt hektisk for tida. Husbygging pågår. Ponnistallen er flytta på ny plass og har fått innervegger og bokser på plass. Geitefjøs blir bygd på flotte gamle tufter. Heile TOLV søte små kattunger er komne til verden. Og dei tre mødrene er steriliserte. Heldigvis er mange interessert i kattunger. Og nokre er alt lova vekk.

Hoppene er påmeldt hoppeskue. Følla er i gang med grimetrening. En mnd å øve på. Tida fyk av gårde.

Natur og Ungdomm har for tida sommarleir i Vevring mot sjødeponi. Dyra våre fekk fredag besøk av 26 hyggelege ungdommar som kosa masse med ponniane og nlhestane. Og så var dei med og plukka to skuffer med høymoler. I går var vi å høyrde på knallrå musikk med Selma Stang og Blasfemisk Eksplosjon med "dumpe deponi" (råaste låta eg har høyrt på lenge).

Rundballane og bittelitt tørrhøy er hausta. Og gylle er kommen på for håslåtten.

Søndag 21.Juni.

Då er føllinga over for i år. 🙂 Esmeralda fekk eit stort flott hingsteføll etter Rosengårds Monsun 20.06. Føllet skal heite Grytas Bukefalos. Og virker å vere ein kontaktsøkande og søt liten hingst.

Rainbow veks og trivast. Er så koseleg å ha et føll som Rainbow som vart meget prega på menneske. Koser og leiker og har lyst å ha kontakt med oss menneska. Spesielt gøy for eigaren hans (på 6 år).😉

Ellers går det bra med alle dyra (untatt ei brun høne vi mista). Lamma veks og trivast og graset gror. No kjem det litt sol og. Så neste no blir rundballeslått og tørrhøy tørk.

Avløysar er på plass. Ikkje at vi skal reise noke plass. Likevel godt å ha avløysar som tek i et tak så eg slepp å vere ute av drift pga ryggen. Og så vert det nok litt fjellturar og dagsturar her i området.

Huset er og i gang å bli bygd. 🤩 Mur og grunnflate er klar. Og forskalingssnekkerane er i full gang. 20.august skal snekkeren ta til.

Ponniane koser seg rundt omkring på sommerbeite i beitepussar teneste. Meget praktisk. 😎

Mandag. 08.Juni.

Etter å ha oppdatert litt på sida var det fort gjort å konstatere at en del ponnibilder treng oppdatering. Har da vitterlig finerer bilder en dei lurvas ponniane som er av unghingstane..... Må ta det en dag eg får tid..... Går litt i et med politikk osv for tida.

Ellers har vi fått eit kjempefint søtt lite hingsteføll. Grytas Rainbow ein rød/kvit flekkete hingst med stjerne etter Stjernens Mini Sunlollie og Rosengårds Monsun. Sto plutselig på beitet en morgen eg kom ei veke før tidligste termindato. Hoppa hadde kjempemykje tråte så han klarte ikkje å komme til spenane og eg klarte ikkje å få melka særlig mykje melk. Etter ei sprøyte med oxitocin og ei runde rundt halve Sunnfjord for å få fat i råmelk og melke diverse hopper kom heldigvis melkeproduksjonen og sugelærdommen på plass etter omlag eit og eit halvt døgn. Vart tre og ein halv time søvn på meg på den tida. Melke og flaske fore annakvar time. Så glad når suginga var lært og melka er på plass. 🙂

Svarten er lisensiert og skal i år få bedekke Carmen og Amanda. Det blir spennande føll. 🤩

Fleire av ponniane er i beitepussar teneste rundt om.

Lydia er på romantisk besøk hos ein eselhingst. Så no berre må det bli eselføll etter denne romansen. 😎

Lamma veks og trivast (untatt eit lamm vi mista uten noke god grunn).

Hønene verper og spankulerer rundt omkring.

Ti vakre og snille værar er sendt til slakt pga gjerdesniking og så dei fem værlamma som kom midt på sommaren i fjor.

Mykje tid har gått med på politikk nokre mnder no. Både kommunepolitikk. Og politikken rundt mineralprosjektet i nabobygda. Kjemper med nebb og klør for at ikkje deler av garden min skal bli regulert til industriområde. Så frustrerande at en skal måtte kjempe for å få lov til å vere bonde. Burde bli behandla som en konge for at ein gidd å drive med landbruk. Ikkje berre dyttast til side. Men men vi får no sjå om fornuften eller pengegriskheten seirer. 🤔

Veret er isande kaldt. Med mykje regn og nokre få solglytt imellom.



Onsdag. 21.Mai.

Her har det vore så travelt at eg ikkje har skrive noke på 2 mnder. Skremmande/imponerande.

Vi har fått 45 flotte friske lamm. Litt mindre ting har det vore og et lamm mista vi pga det kom til verden på den 1 og en halv time lange tilsynspausen og hadde hinna for snuten. Så kan ikkje klage på årets lamming. Og lamma er så søte og herlige. 🙂

Et nordlandshest/lyngshest føll er og komme til verden hos dei som skal overta hoppa ho er etter. Ei flott rød med stjernebless hoppe som har fått namnet Gryta Lyngs Venus. Venus kjem om alt går bra hit når ho er minimum et halvt år og avvendt. 🙂

Ellers har dagane gått med til gjerding, gylling, husrydding og dyrestell samt kurs og politikk. Hadde aldri klart det utan alle dei snille assistentane mine som er med å tar i et tak.

Søndag.22.Mars.

Fekk ei skikkelig gladmelding i går frå Monica Dahle Jørgensen. Eigaren til Grytas Prins Mars som reiste herfra som kåra hingst for to år sidan. På helgas hingstekåring fekk han 3.pr. som 5 åring. Og er dermed godkjendt og anbefalt til avl vidare. 🙂 Stolt. 🙂

Ellers går no dagane sin vandte gang. Ponnistallen er på reise. Frå der den sto til ei tomt vi skal støype platning på på ponnibeitet. Akkurat no står stallen midt på bøen på ponnibeitet. 😎 

Ikkje verst med flyttbar stall. Blir nok bra når den kjem på plass.

Hustomta er så å seie klar. Neste no er finpussing og betong.

Våren er kommen og graset gror. Muligens litt beiteslepp til veka. Værar og nokre få ponnier. Om å gjere å få dei på beite medan det er så lite at dei held beitet og tek litt tilleggsfor for å få en fin overgan.

To veker att til lamminga tek til. 🙂

Fredag. 20.Februar.

Snåle dagar..... Fokuset er på familie og helse ikkje dyr og hesteavl.....

Men men det må og til av og til. Og nokre ting må en berre gjennom.

Nokre fine dagar har det vore med flott ver. Dyra har kosa seg desse dagane og vi og.

Fiona og Leopold har flytta. Både godt og rart å overlate Fiona og Leopold til andre.

Sauene veks til stadigheit og om 6 veker er det lamme tid. 🙂

Vara i kommunestyret har eg og vore. Og skjønt om eg gjorde det eg kunne fekk eg ikkje kommunestyret med på å bevare Dalen skule og leige vekk Fjorden skule til privatskule.

Vi er i gang med husbygginga. 🤪



Fredag. 30.Januar.

Vinden uler rundt veggane og våren kjem med stormskritt nærare. Gleder meg til grønne beiter, små lamm, små føll og geiter på fjellet på prøve. :)

Har i dag lært noke om geiter eg ikkje viste. Og det var geitene som lærte meg det. Har ofte sett geitene stå å "angripe" ei buske med horna. Trudde dei sto og klødde seg mellom horna med buskene. I dag når eg fora dei med ei grangrein gjekk dei amokk på den med horna. Ikkje for å klø seg. Grunnen er at dei skaver laus bark med horna så dei lettare får fat i borka med tennene. Fantastisk å sjå og en fin ting å lære. Er ikkje mykje som kan måle seg med å få studere dyr slik.

Kjenner på at dyra som ikkje kan gå ut verkeleg lengtar ut no. Forstår ikkje at vi framleis held dyr i fjøsar vinteren gjennom. Eit minimum burde vere at dei fekk vere ute når det er fint ver. Men men ikkje så lett å få til med både ho og handyr og forskjellige grupperinger for foring.

Blir en del dyr som flytter no. Godt for dei og godt for å få betre plass i bygge og rive prosessane. Samtidig litt trist og rart. Men men det må til.

Mandag. 19.Januar.

Tunge veker. 🤔

Sjukdomm og meire sjukdomm. Ingen praktikant. (Les lange dager på meg som må ta alt i små løft og snegle tempo.....) Hølj regn, hagl, lyn og torden. Det har vore ein prøvelse. 🤪

Men men no kom sola og tørrver for nokre dager så en kan få prøve å lade batteria litt i det minste. Det trengst.

Er så mykje på agendaen no. Måtte gje meg på å prøve å fungere i 20 % jobb i tillegg. Ikkje nubbesjans. Vart liksom litt forandring på alt av planer her plutselig.

Hus skal i gang å bygges. Så stall. 😙

Blir ikkje kjedelig her. I tillegg til ei kjempespennande utdanning eg held på med for å få meg en "fornuftig" jobb som kroppen min tåler.

Berre nokre få mnder igjen til beiteslepp(gjerdemareritt) og lamming og følling og slått.....😎 (Ok ok den med slått var kanskje litt drøy. ) Er så godt no når dagane vert lengre. Heilt fantastisk med fleire timar med sol. Godt for både kropp og sjel.

Kvir meg på å komme i gang med rivinga. Har så mange gode minner frå "praktikanthuset" og huset har sånn en fantastisk atmosfære. Har alltid vore yndlingshuset mitt sia eg var ganske så liten. Så får vi sjå om det huset vi skal bygge får en like god atmosfære. Blir hvertfall et kjempefint hus. Stallen blir det mindre vemodig å rive. Kan knapt vente på å få en ordentlig hoppestall med lufting og beite vegg i vegg med stallen.

Ellers går no dagane som vanlig. Og vi er som vi pleier.

Lørdag. 03.Januar.

Då var 2014 over og 2015 i gang. 😎

2014.

Eit år med mange refleksjoner og veivalg.

Etter ei mildt sagt nervepirrande hingstekåring i mars, der Svarten burde stått som ein av to kåra treårshigstar (hadde samme poeng som den einaste som vart kåra og dommeren bad oss møte igjen neste år fordi det absolutt ville vere verdt det), og ødela fleire mnders arbeid ved å ikkje la dyrlegen tafse han på ballane i løpet av nokre få sekund, og Pegasus ikkje vart kåra, var eg mildt sagt heilt demotivert på alt som gjaldt hest og utstilling. Ikkje alle hestar og alle menneske passar til å delta på utstilling. Eg elskar hestane mine og eg liker å drive med avl. Eg har derimot null behov for å vise hverken hestane eller meg sjøl til vurdering for andre. Einaste drivkrafta er stambokregistreringa. Ponnien er like god uansett kor tallrekka blir den eine dagen.

Spinnekurs var eg på. Og interessen for videreforedling av ull er absolutt vekt. 🤩

Vi fekk masse flotte lamm og kje og tre flotte shetlandsponni føll. Ei N/L hoppe og to shetlandsponnihopper er bedekte og venter føll i 2015.

Vakre Brumma kom til gards i løpet av sommaren. Og Brumma har blitt et fullverdig medlem av hesteflokken.

Beatrix og Carmen var på hoppeskue og gjorde det kjemebra. Beatrix med 2.pr. kval I og Carmen med 3.pr. Må seie oss godt nøgde med dei resultata. Og følla var eksemplariske på dei fleste måtar. 🙂

Året har i alt vore prega av fantastisk fint ver. Vi fekk tørka mykje høy og turt rundballefor vart det og. 🤪

På værlammkåringa vart værane til Viktoria godt premiert så Viktoria vart kjempestolt. Ming Bård fekk 2.pr. og Willie 1.pr. I tillegg fekk værlammet mitt Hibiscus 1.pr. og Arnold vart kåra. Saueavlen og kåringa er berre gøy. 🙂

Pegasus vart seld og reiste på våren. No er han skulert til barneponni.

Polaris vart og seld på sommaren. Og om alt går bra får vi kanskje sjå Polaris (den eksteriørmessig flottaste unghingsten vi har hat) til kåring neste år.

Ein god del værar og værlamm har flytta til andre gardar for å bli avlsværer. Og det er fint.

Langbeina fikk fire kattunger på sommaren og vi ga vekk tre av dei. Og beholdt ei pus. I oktober kom plutselig Langbeina med fire kattungar til. Derav er til no ei gitt vekk. 😙

Vi har fått oss ti høns. Fem kvite som kom i juni og har gitt oss gode egg sidan det. Og fem brune som kom i november. Veldig spennande å lære og bli kjendt med høns. 🙂

Ellers har mykje av året gått med til rydding på begge gardane våre. Mykje å ta tak i. Flott foringsplass til sauene har vi bygd. Og sauene kan no ete tørrføtt nokre meter over bakken i stadenfor i forhekker med smale sauer som trakker i maten og gjørme på beina. Stor forbedring. Meget fint. 😎

Eg har måtte gått ein del runder med meg sjøl og mi eiga helse dette året. Er ikkje berre lett å måtte lære å forstå at ein har ein rygg og kne som ikkje går å overbelaste lenger. Og å måtte tenkje fordeling av arbeid deretter er et stort steg å ta. Dele børene, ta mindre på gaffelen i slengen, ikkje bære tunge ting, maks to hester å fikse hover på (ryggen gjer ilt etter en halv stort sett), prøve å ungå fysisk handtering av sau meir en høgst nødvendig og be andre om å ta dei tyngste taka er ikkje heilt meg men men eg lærer etterkvart. I tillegg er eg i gang med utdanning og har tatt til i ein liten 20 % jobb. Så kjedeleg er det ikkje akkurat.

Hadde en plan om å få Storm for vogna i løpet av vinteren. Det hadde vore noke.......

Så får vi sjå kva 2015 bringer. Godt nyttår til alle som følger oss her. 🙂




Søndag. 28.Desember.

Masse snø..... Ca 40 cm med snø har vi no.

Ponniane og sauene liker det. 🙂

Kattane var meget glade når eg hadde måkt gangvei så dei kunne gå rundt omkring og. 😎

Paringa er over for i år. Berre nokre få måneder til vi får sjå resultata av årets paringer.

Fredag. 26. Desember.

2.juledag. Omsider fått sett Askepott på dvd. 😎

Er lenge sia eg kunne unne meg luksusen å sjå Askepott når den går på TV.....

Vi har eit flott juletre frå eigen skog i stova. 🙂 Masse flotte gåver var under treet. DVD om Rhinen, Islender (ull genser), fin ullgenser, lubbar spøta av ei god venninne av garn handspunne av søstra hennar frå hennar eigne GNS sauer, klippemaskinsolje, sauepute, presseninger, brodder, jakke, arbeidsbukse, verdens finaste bilde av ein fjellrev, sjal, hjulbolt skruer, julehefte, godteri, vin, handklær og kjeks. Vi har det temmelig luksus her til lands. (Om eg ikkje akkurat syns det når eg er i fjøsen og kald og skiten medan andre kosar seg i sine varme stover. Men men det er sjølvalgt og og gøy.) Går mange tanker til dei som ikkje har noke som helst i desse overflods dagane med god mat og drikke. Er rart kor verden er så skeivfordelt når her er meir en nok naturresurser til at alle kunne hatt rikelig med mat. Og at det finst krig og anna elende er totalt uforståelig når alle veit at fred og medmenneskelighet er det beste for alle. Nok julemelankoli.

Vi hadde vekevis med regn. Så kom det litt snø. Så sludd. Så fraus det til is overalt. Og på toppen av det er det no komme 15 cm snø. Ikkje trygt å gå noken plass. Sauene trekker i hus og ponniane er så vidt innom stallen. Morsomt å studere kontrastane der. Kattane ligg helst i varmen og hønene tripper rundt og småkakler. 😙

Året er snart omme. Det er i grunnen rart for dette året har godt i ein forrykande fart. 🤩

Vi mista en flott ung sau for to veker sia vakre Grytas Grey Luck. R.I.P Grytas Grey Luck.



Tirsdag. 18.November.

Fantastisk flott ver no. :) Må brukast til noke fornuftig. Så i dag har vi reve det gamle gjerdet attmed foringsplassen. Sauene har fått midlertidig foringsplass i gamle ponniluftegarden og det funker supert. Greve vekk lausmassen og funne fjell. Her skal det byggast foringsplass med strekkmetall rister så vi slepp gjørme og regn på sauer og for når dei et. Blir genialt. 😎🙂

Brent ein masse pallar og råtne plankar og kvist som vi har rydda rundt om på garden. Deilig å få shina litt. 🙂

Ponniane forsto ikkje heilt at bål er skummelt...... Nosa heilt i flammane. 🤩

Paringa er i gang for i år. Så blir det en liten lammeflokk til våren og.

Søndag. 09.November.

Den verste tida på året er unnagjort for no. Nokre av saueflokken vart sende til slakt med dårlig samvit og mange etiske motforestillingar. Samtidig nødvendig for å ha plass til dei som er att. Ein god del værar er selde og får fortsette avlskarrieren i andre besetninger. Har enno ein kvit gns vær og eit kvitt gnsværlamm att til sals om noken er i beit.

Har annonsert litt ponnier og mest to av unghingstane Lucky og Leopold. Dei burde fått komme til nokon med meir tid. Lucky fordi han er en meget spesiell ponni. Og Leopold fordi han er "voksen" om nokre mnder og avlshingst blir han ikkje her uansett så då kunne han no få bli bruksponni ein an plass.

Sauene og lamma er klipte. Har att å klippe nokre få av avlsværane. Er en imponerande flokk desse store avlsværane våre når dei kjem brumlande. Fem småværar er påsett. 2 for avl 2 for kos og en fordi han er for fin å slakte. Gns lamm på over 60 kg er ikkje kvardagskost. Fem små værlamm som kom til verda i sommar (ikkje planlagt) skal forast til februar. Og så blir det å sende ei lita pulje i februar og. Ikkje lett å planlegge vidare saueavl. Til tider frister det å ha berre 35 hobbysauer. Samtidig bør vi ha minst 110 sauer for å få beita alle beita og ha nok drift for ikkje å bukke under økonomisk med FRP i styre og stell..... Så blir nok eit til år med full drift. Påsette lamma er flotte og jamne og sommer søyelamma er og flotte.

Hest er ein av tinga FRP tydeligvis heller ikkje prioriterer. Mykje er i endring i hestenæringa spesielt med avlsreglement osv. Så blir spennande å følge med. Ingen av hingstane skal til kåring til våren. Lite poeng i kåring økonomisk sett og tida til å prioritere hest er nok ikkje heilt der heller med husbygging og kanskje muligens stallbygging på agendaen.

Geiteflokken vår har og vokse i og med at vi har sett på fem kjempefine geitekje. Neste beitesesong er planen å få dei på fjellet.

Driv å prøver å få til noke meir vidareforedling av ull og. Gardsspinneri eller liknande hadde vore gøy. Ser meir og meir verdien av kvalitetsull og ullplagg. Samt at eg etisk meiner at å halde sauer for ull er langt betre enn for kjøtt.

Ellers har eg vore på halv drift lenge no med astmatisk bronkitt. Vert sakte og sikkert betre likevel ikkje heilt bra enno etter seks veker.

Følla er microchipmerka og passpapira er sendt. Godt å få det gjort. Har så fine ponnier. Er glad i dei alle sammen.

Fire små kattungar til har sett verdens lys. Så fine att ein ikkje kan vere sur ein gang. Hadde tenkt å få Langbeina sterilisert etter forrige kull. Men men no har vi bestilt sterilisering av Langbeina neste veke. Svin dyrt. Men men en nødvendighet. Vaksinerte alle fem voksne kattane denne veka. Er glad for å ha katter no gitt. I tillegg til at dei er fantastisk fine vesen er dei og gode musejegerar og det trengst når det er museår som i år.

Tirsdag. 30.september.

No er hausten kommen. Ingen tvil. Gyllent haustlauv og surt ver. Kåringa har vore og vi hadde med berre to lamm og to værar i år. Resultatet for dei vi hadde med var derimot heldigvis topp. Eine lammet, Hibiscus, vart kåra og fekk 1.pr., det andre, Arnold, vart kåra med bra poeng, værane fekk Willy 1.pr. og Ming Bård 2.pr.

Tirsdag. 12.August,

Sommaren er på hell. Det merkest på naturen.

Geitene er på snokerunder rundt garden kvar dag. Vurderer å sette geitene i fjøsen dag for dag. Heilt ok at dei gneg litt gras på bøen. Ikkje ok om dei tek til å ete på hagar og tre.

Følla og lamma er vortne store. Og dei er så fine.

Slaktesesongen nermar seg med stormskritt. Og det er berre utrivelig å tenke på slaktesesongen. Alle sauer og lamm er for søte og fine til det. Ikkje lett å skulle velge men men samtidig må det noke pengar inn før det skal pengar ut til både for og strø kommande vinter. Satse på mykje salg av avlsværar og kanskje noke sauer om noken vil sette i gang med saueavl.

Treng nokre dagar med finver om vi skal få til håslåtten. En så lenge litt stressa med tanke på håslåtten.

Søndag. 27.Juli

Snakk om å ikkje vere særlig aktiv å skrive her. 😙

Har faktisk hat ferie i år. To herlige veker med ferie. 🙂

Et føll til har vi fått. Ein flott svart hingst som heiter Grytas Jonsok Prins kom til verda jonsoknatta. Sto på beitet om morgonen. Vakkert og flott føll.

Har og lånt oss en søt liten avlshingst. Så to hopper får gå med hingst i år og. 🙂

Ellers har to sauer fått små lamm. Skikkelig søte. 🙂

Kattungane er blitt store og leikar og herjar heile tida. Ellers ligg dei og sleng rundtomkring i det deilige og varme sommarveret som har prega denne sommaren.
Høy er komme i hus. Godt med eigeprodusert høy.

Og lamma har vokse godt. Flotte lamm.

Søndag. 22.Juni.

Ikkje så flink å oppdatere her. Burde nok vere flinkare til det. Er ikkje det at det ikkje skjer noke her. Heller det motsatte att det alltid skjer noke her.

På hestefronten har Fiona vore til hingst. Så spennande å sjå kva føll Fiona får neste år. Vi har solgt Polaris. Og om alt går bra får vi kanskje sjå Polaris som avlshigst om noken år. Brumma er omsider kommen hit. Og eg likar Brumma veldig godt så gleder meg til dei to hoppene godtar ho som en del av flokken.

Masse ponnier og eselet er på beitepussar teneste. Rundballeslåtten er unnagjort og vi fekk tørt fint for.

No venter vi på føll. Spent på kva føll vi får.

Torsdag. 24.April.

Flokken aukar dag for dag. 🙂 28 lamm så langt og 6 sauer att å lamme. Kje og føll er og venta om nokre dagar no. Værar er komne att. Og alt av gjeldsmale er på beite. Hestane er på beiter. Og værane er på forskjellige beiter. Og dei eldste lamma koser seg med grønt gras og sol.

Det vart full sommar her plutseleg med over 20 grader om dagane. Heilt fantastisk. 😎

Hingstekåringa 2014 er unnagjort og kan raskt summerast som ein gedigen fiasko. Pegasus gjorde det bra fekk rein 7 ar rekke som i grunnen burde vere godt nok til kåring (bestått er karakter 6 og bedre). Av en eller an rar grunn likte ikkje dommarane han så han vart ikkje kåra. Svarten derimot likte dommarane. Han fikk rein 8 ar rekke (samme som beste og einaste kåra i hans klasse) så han hadde vore garantert kåra........om ikkje........han hadde sparka etter dyrlegen og vert totalt stressa hos dyrlegen. Fikk ingen vurdering derfra. Så på godt norsk en 15 000,- pluss utallige arbeidstimer pluss unødvendig psykisk belastning på hingstane og meg til ingen nytte. Leksjon lært det der gjer vi ikkje igjen.!!!! 😠

Pegasus har og bytta eigar og får det nok tipp topp hos noken som vil ha han til bruksponni. Skjønt om han nok heller hadde vore avlshingst denne sesongen og. 🤔

Svarten er heldigvis gode kosegutten igjen. Har vore heilt eksemplarisk sia vi kom attende hit og godt er det.

Lucky hadde ei fantastisk økt i dag. 🤩 Skulle flytte åringane på et anna beite og regna med at det kom til å bli vanskelig å få på han grime. Prøvde å lokke og lure med brødbitar og kose osv. Gikk ikkje og eg hadde i grunnen bestemt meg for å gå med dei to andre og bruke god tid og prøve å få fatt i Lucky. Sto med grinda og tenkte å prøve berre ein gong til. Og under over alle under Lucky sto heilt fint medan eg tok på grima. Trur Lucky har forstått at for å komme gjennom grinda må en ha på grime. 🙂 Fantastisk god hest det der.



Mandag. 17.Mars.

Deppa.no.

Så irriterande. Skulle klypt sauer og trena hingstar. I staden har eg måtte surle rundt heile dagen. Har ei lita med øyrebetennelse. Og lita med øyrebetennelse betyr halde seg i hus. Er lei av forkjølelse og snø og for den del.

Var klar for beiteslepp no. Absolutt ikkje kvitt dekke og frost. 😥

Og ellers er eg om noke endå meir rådvill når det gjeld vidare satsing på garden. Kjennes ikkje akkurat som eg har energi eller overskudd til noke som helst. Direkte tapermessig. Men men er no glad for å ha dyra hvertfall dei er god sjeleterapi. 🙂

Fredag. 14.Mars.

Då var hingstetrening unnagjort for andre gang i hall. 🙂 Kondisen er fortsatt ikkje imponerande men men hallen er no stor for små ponniar og.

To veker att til kåringa no. Nervar i høgspenn her. 😎

Knappe fire veker til lamminga og kjeinga. Seks veker til følling. Vår. Vår. Vår. Vår. Graset grønkast. Blomane blømer. Trea sprett. Vipa er kommen alt. 🤩

Ellers har det gått mykje i kurs og studiereiser nokre veker no. Deilig å komme tilbake til kvardagen om det har no vore lærerikt og spanande. 🙂



Fredag. 07.Mars.

Skammeleg er det kor sjelden eg klarer å skrive noke her. 😥 Blir for ofte til at en slenger eit bilete på Facebook og ikkje noke meir.....

I allefall er det fulle dagar og mykje som skjer her.  😉

Cria det vesle fjorlammet vårt vart bedre og bedre. Så plutselig ein morgon hadde ho surra noke høyrusk i en hard og tung knute rundt eine bakfoten og var kommen på rygg. Vi ringde dyrlegen då vi fant ho svært medteken om morgonen. Dessverre sovna ho i frå oss i det dyrlegen kom i fjøsen. R.I.P lille Cria du vil alltid bli hugsa for din store personlighet og pågangsmot.

Ellers  går vurderingane i om det hadde vore ei mogelegheit å gjere garden om til Inn på tunet gard. Inn på tunet studiereiser denne og kommande veke.

HMS kurset er og unnagjort. Godt å få dokumentasjonen en treng på plass.

Nortronic har vi og vore på. Og to pulverapparat er komne på plass i fjøsen.

Eg har vore på spinnekurs og fått spunne ull frå eigne sauer. Det var kjempegøy så rokk og kardemaskin står på lista over ting som trengst når en får rå en gang. 🙂

Har hatt to flinke praktikant jenter denne mnden så hestane har fått trimma litt. Hingstane har vore i hall og tok det veldig fint.

Vi har tatt tallen i sauefjøsen. Og med høyforing er det blitt skikkelig tørt og fint i sauefjøsen.

Eg har klart å bli skikkelig forkjøla. Så no venter eg berre på at forkjølelsen skal gå vekk så eg kan komme i gang med klipping og hovfiksing neste veke.

Torsdag. 06.Februar.

I går hadde vi eminent besøk på garden. Dei eldste ungane frå barnehagen var og såg på dyra og leika rundt omkring høgt og lågt. Sunniva fikk vere pusse ponni for barnehageungane. Sunniva var meget fornøgd med all merksemda. 🙂

Ellers er Cria (gns fjorlamm) tynn og pjusk. Mest sansynlig har ho ikkje fått i seg nok vatn over lengre tid. Har lurt på kvifor ho ikkje har lagt på seg skikkelig trass i god foring. No har i allefall Cria fått vitaminer og mineraler og med energibalanse og vatn gjer vi alt vi kan for å få ho i toppform igjen. Håper håper det går bra. Søte lille fjorlammet vårt. 🤔

Og eit fjorlamm har muligens sørga for at vi får lamm i juni juli i år og. Hoppa i stekken til to værer i dag av overflyging. 🤨

Hingstane hadde ei knallgod treningsøkt i dag. Var å vassa litt i fjæra, trena med plastik over heile kroppen, masse disiplin og stille fint. 😉

Mandag. 03.Februar.

Så kom det omsider litt regn igjen. Direkte deprimerande no vi var blitt så godt vande men men det trengdest nok litt regn rundt om. 😙

Jacob er reist vidare på sinn eurotrip og garden kjennes med eit mykje stillare. Både vi og dyra kjem til å sakne Jacob sine sprell og gode humør. 😉

I går var vi og henta oss ei vogn til shettisane. Kjempegøy å kunne køyre litt med ponniane igjen. Sunniva fekk prøve i dag. Og Sunniva var kjempeflink spesielt med tanke på at det er seks år minst sia ho var i vogn forrige gang. 🙂

Sauene likte godt at det vart mildt. Heile saueflokken var på rundgang rundt bøane og hadde ei lang økt med barkegnaging i kvistdungen i dag. 😎

Fredag. 31.Januar.

For et fantastisk flott ver vi har hat. Litt kaldt og tørt i fleire veker. Og no er sola her fleire timar dei dagane vi har sol. Det trengdest etter fleire mnder med vete og gjørme. 🙂

Ponnier og sauer og geiter blir stadig større i magane. Berre to mnder igjen til det ventast små kje og føll og lamm på garden. 🙂

Hingstane er i rute til kåringa. Og må seie det er to fantastiske hingstar å trene dei har bruksegenskaper på topp og dei er begge motiverte for å stå på. 🙂

Ellers har vi fått saga vekk en del gamle tre som hadde gjort si gjerning. Vart en god del ved av det og. 🙂

Er ei hektisk tid no med mange ballar i lufta. Krevande og mykje som skal gjerast papirmessig. Men men om vi får til halvparten burde det bli bra. Både jobbmessig og gårdsmessig.

Fredag. 17.Januar.

Har hat husmor dag i dag. Koselig det og samtidig veldig rart å berre gå her heile dagen og lage muffins og raspeballemiddag. 😎

Carmen er kommen att etter en mnds tid på for. Var i grunnen veldig godt å få Carmen tilbake hit no. 🙂

Hingstane er flinke og syns hingstene er fine. Litt inhabil. 😉

Ellers er det masse prosjekt vi held på med. Mangler energi men men vi snigler oss no i vei. 🙂

I går hadde vi ein kar som saga vekk alle rotvelte og ellers ødelagde tre på begge gardane. Og for ei stund sia saga vi vekk dei to trea som var rotvelta attmed huset.

Fredag. 10.Januar.

Vi skriv 2014 no. Og eg håpar at 2014 blir eit godt år som vi får dele med alle våre to og firbeinte vener. Eg håper 2014 blir fylt med gleder og minimalt med sorger. 2014 står med blanke ark som vert fylde dag for dag.

Etter månedsvis med mildt og regn og når graset var komme i gang å spire er det omsider meldt kaldt og turt ver. Det burde bli ei behageleg forandring.

Ponniane har nesten ikkje vinterpels. Berre ein kort og tjukk pels.

Hingstane er så vidt i gang med treninga til kåringa. Hadde vore fantastisk om begge hingstane vart kåra.....*drøyme.*

Alle dei drektige hoene er alt vortne større og berre nokre få mnder er att til lamming og følling og kjeing. I år burde det kunne bli mest kos då fjøsen ikkje blir overfylt.

Har annonsert Lucky og Poldi. Er på tide dei får flytte til noken som har masse tid og kjærleik til overs som dei kan gje til dei.

Oksen har mest sansynlig enno ikkje para kvigene. Så vurderer å få lånt en okse om der skal bli noke drektighet på dissa kvigene våre.

Kattane har gode dagar. Kattane har absolutt ingenting imot late dagar på sofaen.

Laurdag. 28. Desember.

2013 vart virkelig eit forferdelig år. Så mange gode sjeler har vandra videre til dei evige beite marker. På tampen av 2013 mista vi Levis 28.desember. R.I.P Levis du var eineståande og du vert aldri gløymd.

Torsdag. 05.Desember.

I dag vart ein av dei dummaste dagane dette året. Etter et døgn med kolikk døydde Dennis frå Nordgard i frå oss 21,5 år gammal. Ingen hingst kan nokesinne fylle hovspora til Dennis. Han var den største lille hesten eg har møtt. Klok og sterk med alle egenskaper en hingst skal ha. Flink med hopper og føll og en fantastisk brukshest både med vogn og i riding. Vart mektig imponert over å ri en shetlandsponni med samling som gjekk piaff. Dennis vart solgt fordi vi skulle avle litt mindre nokre år. Største tabben eg har gjort. Ingen hopper fekk han på dei åra han var vekke. Og når vi fekk han igjen var han ikkje i noke super tilstand. Endelig fått han bedre og på vei mot å bli heilt bra frå et fælt betent sår han hadde. Og så kom kolikken og i kampen mot den døydde den vesle ponnikongen vår. I hjerta våre har du sett spor som ingen kan viske vekk. En tjafs av mana di tar eg vare på som minne. Du rørte oss alle som var glad i deg langt inn i sjela. Eg velger å hugse deg som den sterke og vakkre hingsten du var ståande på ein fjellknaus i vinden og speide over hoppeflokken din. Heldigvis fekk du mange flotte føll som genane dine er spredd gjennom. Og eg skal ta godt vare på dei vi har att så genane dine får vere i shetttisavlen vår så lenge vi driv med shettis.
R.I.P Dennis frå Nordgard. (tårene triller no for du skulle ikkje forlate oss enno. Og samtidig er eg lykkelig for at du var her med oss den siste tida di. Blant venner og familie. Elska og fornøgd med tilværet.)

Fredag. 22.November.

Går for lang tid mellom kvar gang eg skriv her. Så skal prøve å bli flinkere til det. 😎

No er vinteren kommen. Fjøsen er smikk full og i tillegg går 55 sauer og ni ponniar og kyrne på utegang. Irriterande å ikkje ha fått på plass stall enno. Men men har laga triveleg rom til sauene i kjellaren på det kvite huset. Der er det turt og fint når det stormar og bles. Og ponniane og kyrne er flinke å dele på utegangsstallen.  🙂

Vi har gjort utrulig mykje rundt om på garden. Bygd nytt ingangsparti med støypt dekke der vi legg rundballane i første etasje. Støypt en platning der vi legg rundballar i andre etasje. Og fått ordna med skikkelige grindstolpar og funksjonell grind mot utmarka. Ikkje så verst bonde sambuaren min når han berre vil. 😉
Neste prosjekt eg og sambuaren har på planen er ei utendørs forete med strekkmetall golv så sauene kan stå å ete uten at det blir gjørme rundt foringsplassen. Det burde kunne bli genialt.

Paringa er i gang for sauene. Stakkar hingstane må til tider evakuere bingane sine til fordel for værlamm og sauer som treng litt privattid for å få til paringa. 🤩

Dennis er godt tilbake i kvardagen på garden. Er eit spesielt bånd med Dennis. Måtte han berre bli heilt bra igjen. Verkar som såret gror sakte og sikkert likevel fortsatt mykje sår igjen og en daglig kamp å få spraya det med blåspray men men må man så må man.


Mandag 11. november

Må bli flinkare å skrive her. Blir for mykje facebook.....🤔

Har skjedd kjempemasse sia sist. Vakre Perlis strauk med før han rakk å bli avlsvær hos neste besetning. R.I.P. Perlis lille godgutten. Og Minni Mus strauk med nokre dagar før vi henta alle gjeldsauene på beitet. R.I.P. Minni Mus. Trist og irriterande å miste to så flotte og unge sauer.

Ellers er alle dei andre dyra i fin form. Er godt i gang med klipping. Tar små puljer når der er tid til det. Skal ikkje til med paringa før 15.11. i år. Så har litt tid enno å få alle sauer og lamm på plass.

Har ellers kjøpt dexteroksen vi har hat her i år. Håper og håper at dexteroksen skal få kvigene drektige etterkvart. Prøve med meir kraftfor foring til dei. Irriterende at det skal vere så mykje vanskelegare med brunst og paring på ku en andre dyr.

Vi har og fått modernisert garden litt. Ordentlige grindestolper på beitet. Og støypt rundballeplatning med døra i fjøsen. Samt støypt firkant til rundballe i andre etg.

Tirsdag. 24.September.

Kor tida fyk av stad.

I helga var det værekåring. Gikk strålande for vår del. Hadde med 7 lamm og 6 vart kåra. 3 fekk kvalitetssløyfe og av desse fekk to 1.pr. Archie et svartfjesværlamm og Ming Bård GNS lammet til Viktoria. Viktoria er så stolt. 🙂 Hadde med ein voksen GNS vær Sturle som fekk 2.pr. Og ein voksen sjeviotvær Alex som fikk 1.pr. Han er litt far min sin vær. Så far min var og litt stolt på tilbakeveien. 🙂 Litt koselig å dele denne saueinteressa.

På hestefronten er Fiona på god veg til å bli ein fin ridehest. Ho har blitt ridd i snart to veker og tar det veldig fint. Carmen har vore ridetrent i to dagar og også ho er kjempeflink. Godt å komme litt vidare med trening av unghoppene.

Hestane kjem til gards etterkvart. Og ein hingst flytter denne veka. Og ein an hingst flytter hit neste veke. 😉 Burde solgt litt ponnier før vintern men men får sjå kva det blir til. 😉

Fredag. 06.September.

No har det vore triste dager her hos oss. Vi fant Stjernens Columbine død på beitet. Ingen klar grunn eller forklaring på kva som har skjedd. Føllet sto med flokken og då var det ikkje vanskeleg å forstå at noke var gale. Uverkeleg at det var så gale når vi under 24 timar før tok bilete og kosa og leika med ho. Av og til er verden berre grusom og uforståeleg. Heldigvis får føllet no melk av ei an føllhoppe. Bine som vi kalte ho var ei stor personlighet og ei vakker hoppe med kanonstamme. Ho var etter ein av Danmarks høgast premierte hingstar og vi hadde gleda oss veldig til nesteårs føll. No vert det ikkje noke nesteårs føll, ikkje noke hestesjå, ingen kosestunder og ingen riding meir med Bine. Frå den dagen ho kom frå Danmark har ho vore ein av "flokken". Saknet er stort og det heile er uverkeleg. Dei gode minna tek vi vare på. Likevel blir det aldri mulig for noken å heilt fylle plassen hennar.

R.I.P. Stjernens Columbine.

Onsdag. 29.August.

Då var sommaren så godt som over. Og sommeren har som vanleg vore alt for kort til å kjenne på at ein får lada batteria og bygge energioverskot. 🤔

Fjøsen er vaska og klar til bruk. Litt dill må ordnast før fjøssesongen set i gang for fult. 😙

Skulle fikse dørhandtaket på vaskemaskina på garden. For å sei det sånn må nok heile vaskemaskina skiftast. Ikkje lurt å la den stå nokre mnder ikkje i bruk. Det vart svidd lukt og sikringskollaps og etter det ingen reaksjon på programvalg. 😎

Hestane kjem etterkvart attende til garden. Hyggeleg å samle flokkane att. Samtidig vemodig at beitesesongen snart er over. Skulle vara i endå to mnder minst. 🤩

Lørdag. 23.August.

Har verkeleg fått unna litt drittjobbar i dag. Ordna tett sluk i dusjen på garden. Spylt saue og hestedelen av golvetasjen i fjøsen. No gjenstår dei to siloboksane og gangen og småromma. Er litt lei å gå rundt dekka av skit frå topp til tå. Men men er no og triveleg med shina fjøs før dyra skal i hus att. 🙂

Har sendt 15 sauer og 2 unge værar alt. Og om ei vekes tid fer neste pulje. Er grufult å velje kven som skal sendast. Skal vere godt når den tida er unnagjort. 🤔

Syns det er så koseleg med følla og smålamma. Litt som minner om våren no når det haustast meir og meir. 😎

Koser oss med gode bær om dagen. Laga litt sylte av rød og kvit rips og solbær. Neste år blir det definitivt gele. For mykje fruktsteiner ellers. 😉

Onsdag. 06. August.

Ikkje så flittig med oppdateringane. I fantastisk flott sommarver har vi tørka høy og kappa lauv til tørking. No er låven full i godt tørrfor. Vi har og tatt litt ferie som samla familie. Var godt med nokre dagar luksusferie med bading og god mat. 😎

Er blitt 31 år og for to dagar sidan. Rart kor åra går.  🤪

Kvigene har fått seg okse. Så no får vi tru vi får to fine dexterkalvar neste år. 🙂

Geitene terga en nabo til det ytterste med å knabbe gras frå bøen hans. Enda det er naboen som har gjerdeplikt var han rasande fordi geitene tok nokre grasstrå. Ikkje lett å forholde seg til slikt. Stressande saker.🤔

Ellers har Sunniva og Denise vore lånt vekk til en familie. Og det var berre godord å få for insatsen deira. Kjempekoselig med sånne tilbakemeldinger. Flinke ponniane. 🙂

Kattungane veks og leikar rundt i fjøsen. Følla veks og og held på å bytte pels. Lamma er alt store. Bortsett frå midtsommarlamma dei er fortsatt små og lammaktige. 😎

Slakte sesongen nærmar seg med stormskritt og det vert ei tøff tid i og med at rundt 60 sauer og 35 lamm skal sendast til slakt. Hater det. Men men må gjennom valgets kvaler og få sendt en del sauer no. Et steg nærare målet om den etiske garden der dyra får bli gamle og bidra med dei gavene dei kan gje oss uten å bli mat.

Hadde ellers ein lys tanke her om dagen. Eg har alltid gått rundt og forventa at alle dyr har lyst å bli venner med oss menneske. Dermed har eg syntes det var svært vanskeleg å forstå kvifor det fins sauer som aldri blir interessert i kontakt med menneske. Her om dagen forsto eg derimot plutselig at det heller er dyra som vil ha kontakt med menneske som er temmelig unike. For alt i deira natur tilseier at det ikkje er noke lurt å bruke energi på å bli venner med eit vesen av ein annan art som i tillegg minner mest om eit rovdyr. Til samanlikning er det svært få menneske som ser poenget med å knytte kontakt med dyra slik som eg og nokre få andre menneske eg kjenner gjer. Det var det som leda til denne informative tankerekka. 🤩

Søndag. 14.Juli.

For noken travle veker.

Var ei veke på rundreise i vest norge der vi stakk på besøk til Polaris og Gaia. Såg vakker vestlands natur, klappa geiter, åt brunost og fekk innbrot i bilen der dei stal dvdspelaren til ungane.

Så var vi på slåtterock. Koselig sammenkomst.

Så ei veke på austlandet med besøk hos god hestevenn og helsa på Tindra som går med Trym. Hadde vore gøy om det vart føll av det.
Langedrag, gol, sveastranda og hunderfossen. Koseleg selskap med slekt og venner. Masse god mat og drikke og fint ver.

Så fekk Grytas Betty eit flott svart hoppeføll. Ho skal heite Grytas Satin Future.

Maia fekk det absolutte drømmeføllet. Ei sølvsvart hoppe med stjerne som skal heite Sørgards Brumma.

Vi fekk omsider slått graset. Det vart 75 rundballar. Og fem svanser med tørrhøy er og komne i hus. Godt alt som er gjort.

Annbjørg har fått kattungar og. Mest sansynleg to hoer og en hanne kattungane til Annbjørg.

Ellers går alt sin vandte gang. Og sommarveret det let vente på seg.

Lørdag. 22.Juni.

Har vore på Sunnfjord Triathlon. Minste guten i huset var med og gjorde ein bra jobb. Direkte kry av minste guten. 🤩🙂 Bra arrangement Sunnfjord Thriatlon berre bana som skulle vore sperra av skikkelig mot publikum.

Ellers går alt sin vandte gang. Flotte dyr overalt på beitene. 🙂🙂

Mandag. 17. Juni.

Då er ponniane plasert rundt om på beiter for sommaren.

Gjeldsauene har vore på fjellet og snusa frisk fjelluft og kom tilbake dagen etter.....

Tirsdag. 11.Juni.

Her går det som vanlig fort i svingane.

Ødela ryggen, nok en gang. Måtte ha barfottrimmer, som forresten gjorde en knallbra jobb. 🙂

Bine stakk til skogs og følla. Grytas Kleivar eit nydeleg rødt hingstføll med eit lite kvitt fnugg i panna. 😎

Ellers har eg gjort minst mulig denne veka. Og hat med masse assistentar på garden.

Var å såg på travløp på Mo. Koselig det har ikkje vore med på det før.

Søndag. 02.Juni.

For ei turbulent veke.

Lammet Plopp vart sjuk og døydde. R.I.P. lille Plopp jenta vår du var eit fantastisk vesen og vil alltid vere i minnet vårt.

I natt fekk Beatrix føll. Fekk vere med på heile føllinga til Grytas Lucky Luke. 🙂

Ellers er lammet Ivar ikkje i form. Måtte berre Ivar bli bra og det fort.

Klipping og hovfiksing på planen. 😎

Søndag. 26.Mai.

Klokka har akkurat passert midnatt så var litt i tvil om dato som skulle brukast. 😎

I går var en turbulent dag. Fant eine trillinglammet til Sjodogg hengt i nettinggjerdet med same vi kom køyrande til garden. Forferdelig trist. Eit stort flott simpelamm og Sjodogg som hadde så jamne fine lamm.

Like etterpå fekk eg melding om at Gaia og Trym hadde fått eit nydeleg fint føll. Kjønnet er enno uvist. 😙

Ellers har det vore ein flott dag med fint ver. Med både sorg og glede. 🙂

Fredag. 24.Mai.

Veret er fortsatt litt skiftande. Men men det er nok heilt vanlig vestlandsver.

Det går bra med dyra. Og omsider er det meste av dyr på beiter. Kvigene står fortsatt i fjøsen. Venter på litt assistanse med å få køyrt kvigene på beitet. Og to tynne værar som har hatt diare får ekstra stell og merksemd. Har et lite lamm som må få litt betre appetitt. Litt fortvilande med små lamm som ikkje drikk melk. Ellers er alle på beite. Fint å ta tilsynsrunden når det er fint ver.

Såg alle amandus følla i går. Mini er komma og skal gå med Amanda og flokken i sommar. Og Leopold skal gå med Avi som selskap. Flotte åringar alle sammen.

Har fått kjempefin pause benkebord. Og pynta med litt blomar.

Kommentarer

29.05.2013 10:55

Even

Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her

02.11.2010 17:30

anni

såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???

05.08.2012 10:49

rosi

eg synest pegasus e kjempe søt!<3

15.10.2010 18:03

Lene

eg elska katta vi har 2

20.08.2010 09:09

Anne

Gratulerer så mye med å ha fått høyet i hus og en fantastisk lammevekt.
Pass på å få hvilt litt også da Godt at noen står på. Ha en god helg!

04.09.2010 21:42

Dagmar

Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.