Hester er fantastiske skapninger.


Ville og vakre kjem dei til verda. Og skjønt om dei er mykje sterkare enn oss let dei oss bestemme og styre deira kvardag og veg.

Det er ei ære å vere hesteigar og ei ære å få ta vare på nokre av verdas mest skjeldne hestar Nordlandshest/Lyngshest-ane. Shetlandsponnien gjer et unikt arbeide med å ta vare på kulturlandskapet der dei aktive bøndene minker i antall for kvart år.

Shetlandsponnier i landskapspleie på kulturbeite.

Å leike med hester.

Eg elskar å "leike" med hestar. For meg er det det sosiale samværet med hestane og tilhøyrigheita i flokken som betyr mest. Utallige timar går med til å løfte hovar, gi labb, hoppe på ryggen til hestane og dingle rundt med dei på beite, kosing, prating og leik. Eg hadde nesten gløymt kor viktigt dette var nokre år der vi prøvde å vise verden at vi og kan trene hest. Vist kan vi det. Berre at det er ikkje eit slikt hestehald eg ve ha.

Hestane trives mykje betre med å gå i flokk og leike litt av og te en dei gjorde på boks med dekken og treningsøkter kvar dag. Og for meg er dei harmoniske godlunte hestane det viktigaste i hestehaldet.

Ei veninne sa ein gong at samme kva hest det var så kom den etter ei stund hjå oss til å vere snill og tilitsfull. Det stemmer kanskje for hjå oss vert alle hestane behandla med respekt og som enkelt individ med ulike behov.

Eros leikar med katt.

Eros leikar med hund.

Uredde og kontaktsøkande hestar.

Når eg kjem på beitet står hestane i kø for å få kos. Når vi prøver å ta bilder er det stortsett alltid en hest som står og dultar i ein for å få merksemd. Så mange gode bilde vert ofte forpurra av akkurat det. Men det er akkurat sånn eg ve ha hestane. Trygge og med behov for nærheit av menneske.

Samtidig har dei respekten som trengst og flytter seg frå forplassen om eg ber dei. Og dersom dei kranglar held det å heve stemma for å be dei flytte seg.

Electra kan ikkje komme nær nok.

Med hestar i flokk i større eller mindre grupper heile året er det viktigaste at dei er handterbare og lette å få fat i. Shetlandsponniane kjem når vi plystrar. Nordlandshest/Lyngshest-ane kjem om dei trur vi kunne ha noke godt. Dei vurderer alltid situasjonen før dei reagerer. Ein svært god eigenskap for gode brukshestar.

Alle hestane våre er vandt med å bli leia etter luggen eller haka. Og det fungerer om det er berre frå beitet til stallen eller 15 minutt å gå.

Morgonstund i hestefamilien for nokre år sia.

Brukshestar.

Så tenkjer nok nokre at alt dette er sikkert fint og bra. Berre det at hestar bør kunne brukast til noke og.

Og det kan hestane sjølvsagt og. Når eg rir tar eg ofte berre med hodelag og hjelm og går på beitet og så rir eg. Det er ei herleg kjensle å ha det så lettvint og vestlandsnaturen gjer ein stadig prøvelsar med bratte bakkar og mykje skog. Likar best av alt å ri på annleggsveien i nabo bygda der ein ser heile havet frå toppen av fjellet. Sånn sett er vestlandet genialt. Saknar likevel flate veier der en kan ri i litt høgare tempo og gjerne køyre. Med over ti prosent stigning på deler av anleggsveien begrenser det seg i allefall køyremessig.

Hovedveien er smal og med til tider mykje og farleg traffik. Og ellers er det små vegstubbar rundt om i bygda.

Vakker og klok og snill og til å lite på.

Avl.

Sidan eg alltid har drive med saueavl var det eit naturleg val å sette i gang med hesteavl når eg vart voksen. Stamtavler og dei nusselige følla er motivasjonsfaktor nok. Mykje har endra seg i hesteavlen. Og desverre har det meste endra seg til det verre. Noke som er trist og temmelig demotiverande i kvardagen. Heldigvis er hestane og fornøgde folk som har fått hestar herfrå ein god motivasjonsfaktor.

Babette nokre dagar etter følling.

Avlsmål.

Nordlands/Lyngs-hest.

Målet med desse hestane er å ta vare på etterkommarane etter Steinkjer Sanna og Moas Ravn og dermed ta vare på en liten del av Sanna og Ravn. Desverre er Gryta Lyngs Ronja ikkje i stand til å få føll lenger. Har heldigvis ei dotterdotter av Ronja etter Gryta Lyngs Maia og ei dotter av ei sonedotter (Gryta Lyngs Fiona etter Kunnaprinsen (son av Ravn) og Sjåvoll Gaia). Sørgards Brumma og Gryta Lyngs Venus. Og ein åringshingst som heiter Gryta Lyngs Royal etter Brumma og Slettmo Skarv. Målet er å ha mellom to og fire nlhestar av denne stammen på garden. Avlen på denne rasen blir veldig begrensa av marknaden då vi i grunnen ikkje har anledning å ha hingstar på garden. Hverken unghingstar eller eigen avlshingst. Så eit eller to føll i året er grensa.

Shetlandsponni.

På shetlandsponni er det fornuften meir en følelsane som styrer. Har eit klart definert avlsmål om "brukande" ponnier. Her har det lite å seie om ponnien har topp showpoeng. Det som tel er fornuftige, lettfora, snille og handterbare ponnier. Dei må kunne ridast på en komfortabel måte og vere fornuftige i alle situasjoner. Bevegelser og bein er særs viktige sammen med ei god helse. Målet er med tida å få ponnier med Gryta prefikset i fleire generasjoner og å ha en liten ponniflokk som får vere så naturleg som mogeleg og gå på kulturbeita våre og vere med å hindre attgroinga.

Er veldig nøye på at ponniane skal vere solide og sterke. Og at dei går godt i flokk og er snille rundt folk.

Målet er å ta vare på dei hoppelinjene vi har og ta med genane frå dei fantastiske avlshingstane vi har vore så heldige å få bruke. Vi har med alle dei "beste" shetlansponni linjene i vår avl gjennom blandt andre Capone Fire, Stjernens Gambler, Newton v.Dorpzicht og Clothie Xelle som er høgt merriterte avlshingstar. Ponniane stammar frå dei kjende shetlandsponnilinjene som Transy og Marshwood samtidig som eg bevist prøvar å bruke hingstar som ikkje er nødvendigvis av nøyaktig samme stamme som det alle andre brukar.

Eg syns det er viktig å gje ponniane eit så naturleg tilvere som mogeleg. Difor får hoppefølla som oftast bli værande på stutteriet for vidare avl medan hingstane blir solgt unna etterkvart som dei er vist til kåring om dei har kvaliteter for det. Per dags dato har vi to "gamle" stammhopper på stutteriet. Grytas Chess er ei hoppe som avler bra i tillegg til å vere en fantastisk snill og god bruksponni. Og Sunniva som er den største ponnipersonligheta som fins. Vi har åtte yngre hopper som så vidt er komt i produksjon eller skal i produksjon etterkvart. Så det vert spanande å følge shetlandsponni avlen vidare.

Fjordhest. 

Vi har berre ei fjordhest hoppe som heiter Larina. Larina er ei fin og sportslig hoppe. Ho vart seint prøvd i avlen. Så vi får berre sjå om det går å få føll etter ho med tida. 

Dennis på hoppe slepp.