Torsdag. 16. Mai.

Ti timers arbeidsdag i dag og. Har vore ei tøff veke både psykisk og fysisk.

Mista en god venn (menneske). Og var i en trist begravelse for å ta farvel med Bård. Virker meiningslaust når unge folk blir rivd vekk frå familien. Ei trøst får vere at han fekk familie og kjenne lukka i det om enn det ikkje vart så lenge. R.I.P. Bård.

Ellers har det vore barnebursdag og familiebursdag med kakebaking og vasking og alt annet som høyrer med. Gjekk bra og alle var nøgde.

Lamminga er over for i år. 78 flotte og velberga lamm vart det i år.

Dagen i dag har gått med til å få fem ponniar og sju verar på beite og å få sauene på beite døgnet rundt. Deilig å ha mindre å fore på.

Pegasus og Carmen vart slepte i lag i går. Spennande kva føll det kjem etter dei neste år.

Søndag. 28.April.

For en hestesjå sesong for Stall Gryta. 🤪🙂

NPA ponnikåringa. Grytas Prins Mars eigd og oppdretta av Stall Gryta kåra.
Hingstekåringa på Stav for nl hest. Farin etter Gryta Lyngs Sine kåra og spiss.
Sørgards Kong Nor eu Gryta Lyngs Maia kåra.
Hingstekåringa på NNHS for nl hest. Sørgards Frøy etter Gryta Lyngs Maia kåra.
Unghestskue på Mo. Svarten sløyfe med bra poeng.
Hingstekåringa på NNHS for ponniar. Bakketuns Aron etter Grytas Isadora kåra.
Må bli en sjampiskveld etter dette. 🙂 Kjempestolt og takknemmelig for så gode resultat.

Tusen takk til alle som har vore med og gjort det mulig. 🙂





Laurdag. 20.April.

Ei veke som avlshingsteigar. Tek til å forstå at eg verkeleg har ein sjølavla og sjøleigd kåra hingst ståande på stallen. 🤪🙂
No gjeld det berre å finne masse flotte hopper til han. 😎😉

Er komme 72 lamm. Berre 05 sauer att å lamme.

Ellers kunne det godt bli meir beite etterkvart. Er litt for surt og kaldt enno.

Mandag. 15.April.

Wow for ei helg. :) :) :) :)

Reiste avgårde torsdag til Sandvika for å helse på ei tispe eg hadde før Ronja (alaskan malamute). Vart så godt mottatt av Evy som eig ho no med middag og seng. Fikk masse god kvalitetstid med godaste hunden og eigar. Kjempe koseleg.

Fredag gjekk det vidare til Hemnes for å hente Prins Mars og Storm som hadde stått der i trening i to mnder. Hingstebassane var i fin form og reisa gjekk vidare til Starum og hingstekåring.

Laurdag var det bruksprøver, veterinær, mønstring og laushopping. Guttane gjorde det bra og spenninga var til å ta og føle på.

Søndag kom dommen for hingstane. Prins Mars vart kåra og Storm vart ikkje kåra. Veldig glad for å få ein egen avla sjølveigd hingst kåra. Litt historisk. Skuffa over at Storm ikkje vart kåra men men han er en fantastisk flott ponni uansett. Og skuffa over at Grytas Tom ikkje vart kåra fordi han hadde topp poeng i fjor og berre fekk dårlige poeng i år. Gledeleg var derimot at Ødegaardens Future fekk 2.pr som vi venter to føll etter i år.

Masse lamm er og komne. Og det har heldigvis gått bra med alle lamminger og sauer og lamm.

Dessverre er ikkje Flekken (vær) blandt oss lenger. Han låg daud på beitet stakkar. R.I.P. Flekken. Ein snill og umerkeleg vær som dessverre ikkje fikk bidratt i avlen.

Sturle (vær) er ikkje heilt i form. Sturle var blitt kald i uværet som var i går så har sett han i fjøsen med dekken, varmelampe, masse tørr flis og godt høy så får vi satse på at han blir fort bra igjen.

Tirsdag. 26.Mars.

I dag har det vore full aktivitet på garden. Gode assistenter har vore med. En smikk full lastebil med talle (ca 11 kubikk med talle) er resultatet etter dagens slit. Ellers har vi henta blomsterjord til tulipanar og sagflis så vi har å strø med.

Ein lammesau binge er klar til bruk. Værane skal snart på beitet. Er ikkje gras enno så må fore ei god stund enno. Treng plassen i fjøsen til sauene no i lamminga.

Har fått fire kjempeherlige små lamm i veka som var. Lorri har fått to værlamm og Pisa har fått vær og simpe.

Litt over to veker att til kåringa. Rikelig med nerver før kåringa. Det hadde vore heilt fantastisk om Storm eller Prins Mars og allerhelst begge vart kåra. Spennande spennande.

Tirsdag. 12.Mars.

Har vaksinert alle sauene og kjea i dag. Så då er det i orden. Og Pegasus har raspa vekk litt tannspiser. Pegasus tygde litt baller så godt å få orden på tennene.
 
Var overraskande med ti cm snø i dag. Dyra likte i allefall veret.


Onsdag. 06.Mars.

Dagane går i hurtigtempo for tida.

Fått klipt 22 sauer til no. Og flytta om på sauene hit og dit. 2 sauer skal lamme i løpet av ei til to veker. Resten skal lamme frå månadsskiftet mars/april.

Verker hestehover når det byr seg en anledning. Er omtrent havveis i hestehovverkinga. Godt å komme ajour igjen. Og deilig for kvar ponni ein kan notere en dato for neste verking 6 veker seinare.

Har tatt drektighetskontroll på ponniar og kyr. Litago var tom dessverre. Så får prøve å inseminere ho og Black no i april mai. Flatlandsrosa virka å vere drektig heldigvis. Og Holly må og komme i brunst etterkvart. Er koselige alle kvigene våre.
Columbine og Betty er begge drektige og trur nok begge venter Foffe føll. Lollie virker dessverre ikkje drektig så då blir det ikkje noke eterlengta føll etter Zaspel likevel. Men men då er det å sjå om det fins en perfekt minihingst til Lollie og dei andre smådamene til neste års sesong.

Har meldt på Svarten til unghestskue. Så må få satt av nokre økter med trening av Svarten og før sjået.

Berre en mnd att til kåringa. Har fått bra med kåringsnervar alt.

Hestestall prosjektet er heilt omplanlagt igjen. Så då var det på an igjen med teikningar og nabovarsel. Og sjølvsagt er det tilbake til den egentlige planen. Snakk om mykje bortkasta arbeid og tid og penger men men viktigste er at resultatet blir bra.

Goldmund har og vore i hardt ver igjen. Goldmund hadde vore skadefri i nesten et år no. Og for nokre dagar sia kom han med bitemerke på halsen og kloremerker på magen og ei flenge i låret. Flenga i låret måtte syast med to sting og full antibiotikakur igjen.

Ellers går det bra med alt og alle heldigvis.

Søndag. 17.Februar.

Her går det i full fart for tida.

Storm og Prins Mars er sett vekk på trening og påmeldt kåringa. Om to mnder er kåringa og avgjerda fell om dei får æra av å bli avlshingstar eller ikkje.

Vi har vore på Alexandra hotell to døgn med deilig middag, bading, spa og velvære. Er så deilig med nokre sånne dagar mellom brøytinga og lamminga. Går litt i et på kvardagane for å seie det sånn. Fekk i allefall lada batteria litt og det er alltid godt.

Fire geitekje er og komne til gards. Annlaug, Laila, Flekki og Santa heiter dei fire vakre geitene. Dei er kasjmirgeiter av rase. Så langt er det berre deilig å ha geiter på garden att. Har sakna det veldig. Er noke med geiter som andre dyr ikkje har.

Ellers sende vi Empati til slakt forrige veke. Trist å sende Empati likevel påkrevd etter litt for mange hoppestunt over gjerde og grinder.

Berre en mnd igjen til lamminga no. På tide å komme igang med klyppinga.

Tirsdag. 05.Februar.

Omskiftande ver for tida får en seie. No har vi snø og det er meldt stabilt kaldt.

Hingstane har vi dusja og børsta og er klare til å reise avgårde til trening med dei. Blir rart å sende Storm og Prins Mars avgårde sånn, men men når vi målet om å få dei kåra til avl, er det absolutt verdt det.

Sauene veks for kvar dag som går. Berre litt over en mnd til lamminga er i gang.
På tide å tenke på klipping og omflytting i fjøsen etterkvart. Mjølforing skal og i gang neste veke.

Boyadino vart benåda i siste liten. Boyadino hadde fått en hobby med å stange vannbøtter til småbiter som ikkje var så veldig koselig. No er han rehabilitert nær sagt. Stanger på en tjukk bjelke og har ei garnbøye han har fått i bingen å leike med.

Ellers går det bra med alt og alle og det er det viktigaste. Sliten fysisk til tider men men det høyrer med. Har vore flink å spadd to talle stekkar og krapsa stikkveiter for å få vatnet vekk frå veien i tillegg til alt det normale så syns eg er driftig for tida. Litt stolt av å køyre det aller meste av rundballer osv og med traktoren er nesten gøy å køyre traktor av og til.

Tirsdag. 29.Januar.

Etter ein lengre periode med berrfrost og sol kom det litt regn og mildver igjen. Så lenge det ikkje blir dagleg i evigheter går det bra.  

Måtte ta det vanskelege valget å ikkje gå på dyretolkskulen dette året i dag. Trur dyretolkskulen hadde vert godt for det meste. Men men. Av og til må en prioritere praktisk. 🤔

Har som vanlig klart å bli tolka på minst hyggelige måte på webdebatt. Må berre insjå at kardemomme loven ikkje kjem langt på verken nettdebatt eller i den virkelige verden. Ver snill og medfølende og bli tråkka på og kjefta på. Men men har fortsatt trua på at ein får det betre med seg sjølv om ein er snill og medfølande.

Fjøsbygginga vår går frammover. Har fått byggeløyve så no er det berre litt igjen på finansieringa så kan vi sette i gang. Gleder meg til å få kyr og hestar i ein koselig og romslig fjøs. Det blir en revolusjon i forhold til no. 🙂

Dyra har det bra. Og det har vi og.

Boyadino er dessverre litt sprø for tida. Stangar det meste av bøtter og vegger. Er kosete mot folk. Har prøvd det meste for å beholde Boyadino likevel virker det som einaste fornuftige er å "kvitte seg" med han.

Ellers er det litt realisme time for tida. Og mange valg å ta ang jobb og evt satsing på attåt næring på garden. 😎


Mandag. 14.Januar.

Uff no er det lenge sia eg har skrive her..... Godt Nytt År alle sammen. 😎

Har vore i lite humør til å skrive her pga folk, som skulle komme til gården for å arbeide så eg kunne få ta litt pause og få tid til kontorarbeid osv, som viste seg å bare utnytte meg for å få det dei ville og slett ikkje var interessert i å avlaste meg eller vere der for dyra. Men men en lærer no noke av det meste. Skjønt om dette var en erfaring eg ikkje hadde bruk for akkurat no..... 🤔

Ellers har vi kraftig forkjølelse her. Det er noke herk og gjer alt litt tyngre en det treng å vere. Heldigvis har vi tørt og kaldt ver som gjer det heile litt trivelegare. Og deilig sol i en time minst kvar dag. 🤪

Lollie har mista tanna si. Så no får vi berre tru dei tennene som den sto i veien for veks fint og sånn som dei skal etterkvart på Lollie. 🙂

Amanda hadde kolikk i helga. Heldigvis virker det som Amanda blir litt bedre kvar dag etter kolikken. Har fotsatt litt lite avføring. Så driv og prøver å få fordøyelsen i full drift igjen.

Har ellers bygd to kjempefine tørkebokser i garasjen. Kan tørke to ponnier i den eine og en ponni i den andre. Vart fine og koselige bokser som vart brukt litt når det var skikkelig høljregn her for ei vekes tid sidan og før det. Stolt over å ha bygd sjøl.

Onsdag. 26.Desember.

Så var jula over for i år. Masse fine presanger vart det på oss tobeinte. Og alle firebeinte fikk godter og brød til jul samt kos. Er ei fin tid om enn noke stressande.

No er tida kommen for å sette i gang med treninga av hingstane etterkvart. Storm og Prins Mars skal etter planen til kåring på Norsk Hestesenter i April. Det blir både gøy og spennande. Treng å prate litt hest med hestefolk etterkvart.

Dyra har det stort sett bra. Ein sau skada foten. Heldigvis virker foten bedre. Og Lollie har ei tann som ikkje løsner som den skal og står i veien for neste tann. Så må nok planlegge tanntrekking på Lollie snart.

I dag kom det litt snø og med omslag til regn i vente blir det ikkje så koseleg. Har hat en mnd med fantastisk flott ver for både folk og dyr med berfrost.

Laurdag. 15. Desember.

Ikkje lett å finne Julestemninga med så masse vanskelige folk å forholde seg til. Var i fin Julestemning til for ei ukes tid siden. Og no er eg egentlig deppa og sliten av folks frekke holdninger og mangel på medkjedsle med dyr og andre menneske. Men men det fins heldigvis gode menneske som gjer kvardagen lysare og i denne verda vår. 🙂

På tide å skrive årssammendrag her på sida og. Så det kjem no fortløpande.

Ellers er saueparinga over for i år. Og masse søte små lamm ventes om nokre mnder når det er mildt og vårleg om det blir normal vår.

Leopold stakkar har ikkje heilt tillit til assistentane på garden. Leopold som er berre søt og snill til vanlig er livredd assistentane og årsaka til at han er livredd er ikkje så lett å finne og deira evne og vilje til å forstå han er ikkje eksisterande. Så då blir det litt ekstra kos med Leopold. Berre hyggeleg det då. Leopold er et herlig vesen. 🙂

Tirsdag. 11. Desember.

Har tilbrakt dagen på sofaen med influensa. Ikkje gøy satser på å vere normal (sånn nokelunde i allefall) i morgon.

Avvenninga av Leopold gikk bra. Og han går no fint i hingsteflokken. Betty er tilbake i hoppeflokken. Og det fungerer og bra.

Lollie skremte oss litt her om dagen. Lollie fikk akutt kolikk og kasta seg i bakken og ville rulle. Gikk heldigvis over etter ca to timer. Ho held på å bytte ei tann. Så en kombinasjon av det og kaldt vatn i kanskje litt stor mengde var sikkert årsaka.

Rosa er inseminert for andre gang. Så no må vi berre håpe håpe at Rosa har kalv denne gangen.

Onsdag. 28.November.

Fint ver. 🙂 Det trengtest av både folk og dyr.

Har sett Betty og Leopold på stallen. Har kvar sin boks vegg i vegg med snusekontakt over veggen. På tide med avvenning merker at det røyner å både vere drektig og melke om det er no enno ei stund igjen til følling i juni juli. Så får ta det så forsiktig og snilt som mulig. 😎

Fjøs/Stall teikningane er så godt som klare berre litt detaljer igjen. Så er det byggesøknad neste. I tillegg må det ordnes med kalkyle på bygget, driftsplan, nabovarsel og søknad til kommunen/innovasjon norge. Skal bli deilig når alt av papirarbeid er på plass og vi kan sette i gang og bygge. I mellomtida er det snekkring av fire bokser i store garasjen som står på planen. Når dei er klare kan eg stenge inne alle ponnier og hester når det er regn. Det skal bli deilig. Dei kan gå i hus med utegangen og. Likevel litt anleis når dei har kvar sin boks å stå i og ikkje kan gå ut. Får ikkje heilt samme tørke effekten når dei tusslar ut og inn fleire gangar i døgnet. 😉

Så å seie ajour med verking av hovar og for tida. Er litt seperasjoner som irriterer ellers og mykje bra hover.😙

Mandag. 26.November.

Ei heil helg uten gard. Det har vore både deilig og litt skummelt.
Heldigvis var alle i fin form då vi kom att. Og virka glade for å sjå att bonden sin. 🙂

I helga har vi vore på Bergenhelg og sett Vinskvetten show. Knallgøy og god musikk. Så var vi og såg lofothesten. Ei oppleving som set hesteavl og hestehold i perspektiv og gav masse tankar for korleis forhestane til dagens hestar må ha vore. God middag med reinsdyrfilet på Dampen. Skikkelig godt om en lite vegetarisk. Shopping vart det sjølvsagt og. Litt julegåver og deilige sko til dei skolause. 😎

På tilbakevegen besøkte vi Sussi. Sussi er bordercollie tispa eg hadde frå ho var 2 mnder til ho var 2 år. Verdens aller aller beste hund. Måtte omplassere ho fordi eg ikkje kunne ta ho med då eg flytta og fordi ho ikkje trivdest med å vere på garden når eg ikkje var der 24 timar i døgnet. Er fem år sidan forrige gang eg såg ho. Så var kjempegodt å sjå ho igjen og sjå at ho bur på en drømmeplass med gode menneske som er glade i ho. Det har ho verkeleg fortent. Og det gjer det og litt lettare skjønt om eg har savna ho mykje desse åra. 🙂

Saueparinga er so å seie over. Kontroll tester berre no. Så blir nok masse fine lamm til våren. Heldigvis ikkje meir enn 35- 40 sauer som skal lamme. 😎

Fredag. 16.November.

Tok til med høyensilage til ponnihoppene, Lydia og Leopold. Snakk om glad gjeng for å få litt å gumle på igjen. 🤩

Stallen har endelig fått en fast plassering. No venter vi berre på teikningane. Har forskjøve måldatoen til februar. Må berre få på plass byggeløyve i løpet av desember og satse på lite snø og frost. 😎

Sauene er i fin form. Og paringa godt i gang.🙂

Eg driv med etablerarkurs, og forretningsplan tek til å ta form. Så spørs det om der er et stort kundepotensiale å ta av. 😉

Lørdag.10.November.

Fått vondt i halsen heilt unødvendig. Tatt en inne dag for å ha halsen i gjenge til i morgon.

Heldigvis er det lille lammet som hadde fordøyelses problem blitt bedre og et litt no. Så får vi berre satse på at det et betre for kvar dag og at det lille lammet blir heilt bra igjen fort.

Tirsdag. 06.November.

Her går det for seg.

Mista herlige Fantasia (vakkert og stort svart sjeviot simpelamm)her om dagen. Ho låg daud i stekken sikkert blitt trampa i hjel av store sauer som har pressa på når dei fekk mat. Med sjukehusbesøk og fleire familiemedlemmar på sjukehus desse to vekene føltes det som noke drit kom til å sje. Og sjølvsagt gjorde det det. R.I.P vakre Fantasia. Kjem alltid til å hugse deg som du var den sommar dagen du var full av energi og hoppa og dansa rundt sauen din. Du var så flott og skulle fått mange gode år på gården dessverre ville ikkje skjebnen det sånn og det kjennes sårt.

All tallen er endelig tatt i 2.etasje og alle lamma er sett i hus. Det samme er sauene som skal parast og en del andre sauer og.

Har kapsla alle og i den prosessen blitt biten gjennom fleire hudlag i tommelen. Det var svin ilt og tommelen har to store hol.

Fikk omsider klipt alle dei voksne værane i dag. Var så vidt det gikk bra. Knakk en tind på kammen då det var ein halv vær att å klippe. Og fikk ikkje laus skruane til å bytte kamm. Heldigvis var den tinden knekt heilt i tuppen så gikk å klippe resten av væren.

Eit lamm har fått vommforstyrrelse så håper veldig at ho blir bra og det fort. Håper ho et og er glad så fort som råd er igjen for det er eit flott og snilt lamm. Får medisin mot vommforstyrrelse. Og fikk b vitamin og i dag.

Ellers har alle dyr det bra. Og paringa er i gang.

Søndag. 28.Oktober.

Var på Vassendgutane konsert her om dagen. :) Det var gøy å vere litt berre oss sjøl nokre timar. Trengst det og av og til. Ser at det blir litt mykje alvor og ansvar med alt vi styrer med til tider. Men men liker det vi driver med så det går no på et vis. :)

Torsdag. 26.Oktober.

Då er alle sauer og lamm klipte. Gjenstår berre å klippe dei voksne avlsværane. 😎

I dag kom det masse snø. Litt for tidlig etter min smak men men. 🤔

*********************************************************************************************************
Now all ewes and lambs have been shoren and lots off good soft wool has been put into bags. Only the grown up breeding rams left to shear. 😎

Today we had lots of snow. A bit to early I think. 🤔

**************************************************************************************************************
Jetzt sind alle Schafe und Lämmer geschoren. Nur noch die erwachsenen Zuchtböcke müssen noch geschoren werden. 😎

Heute kam viel Schnee. Ein bischen zu früh nach meinem geschmack. 🤔

Fredag. 12.Oktober

Klipt litt sauer i dag og. Fortsatt en del igjen.

Dyra nyt det fine haustveret. Så deilig med sol og tørt.

Stallplanlegging pågår. Må komme i gang for alvor no. Mål: ponniene i stallen til Jul. Realistisk: gjenstår å sjå.

Har hat masse god hjelp av guttane og Rosi på garden denne veka. Og Mariann fekk og ri en dag.

**********************************************************************************************************

Shorne some sheep today to. Still some that are wooly left.

The animals enjoy the lovely autumn weather. It is so lovely with sun and dry fields.

The stable is under planning. Need to get building soon. Goal: the ponies in the stable before christmas. Realistic: remains to see.

Had good help from the boys and Rosi at the farm this week. And Mariannn got to ride one day.

***************************************************************************************************************

Heute auch welche Schafe geschoren. Noch welche die geschoren werden müssen.

Die Tiere geniesen das schöne Herbstwetter. Es ist so schön mit Sonne und trocken.

Die stallpläne sind unter bearbeitung. Müssen bald anfangen zu bauen. Ziel: Ponnies im Stall vor Weihnachten. Realistisch: noch nicht gut zu sagen.

Habe gute hilfe von den jungen und Rosie diese Woche am Hof gehabt. Und Mariann durfte einen Tag reiten.

Torsdag. 11.Oktober.

No er endelig Holly og Black komne til gards. To nydelige små dexter kvigekalvar.
Ellers går det i saueklypping. Omtrent halvveis i saueklyppinga no.

Søndag. 30.September.

No har det heldigvis vore nokre timar fint ver kvar dag. Har brukt ponniane som effektive kanteklipparar. 😎

Står litt i stampe med alt som skal gjerast. Bygge 6 bokser og køyre hestar og kyr hit og dit er ikkje så fort gjort. 🤩

Har no sett alle foringslamma i hus. Klypper for full fart for tida. Har klipt rundt 40 stk så rundt 60 igjen å klippe. Skal vere glad når alle er klipte og klare for vinteren. 🙂

Bilen fekk og sammenbrudd her om dagen og då viste det seg at radiatoren er gåen. Så må berre få bytta radiator så held nok bilen og over vinteren. 😎

Laurdag. 22. September.

Då var årets kåring over. 🙂 Fem av sju værlamm kåra. Eit vart vraka pga for vide litt lealause frambein. Sjeviotlamm som ellers fekk 7 på bein 5 på kropp 9 på ullkvalitet og 9 på ullmengd. Og Scottestor (sjeviot) hadde for dagen berre ein testikkel. Fekk poenga 8 på kropp 8 på bein 8 på ullkvalitet og 8 på ullmengd.
Resten gjorde det kjempebra.
Lucas Flakkenberg (grå trønder) fekk 8 på kropp 8 på bein 8 på ullkvalitet 8 på ullmengd og 10 på rasepreg.
Suffolken fikk 8 på hode 8 på frampart 9 på rygg og kryss 8 på bakpart 7 på bein og klauver og 8 på ull og hud.
Alexej (sjeviot) fekk 8 på kropp 8 på bein 9 på ullkvalitet og 8 på ullmengd.
Lotte-Linus (sjeviot) fekk 9 på kropp 8 på bein 10 på ullkvalitet 9 på ullmengd. Lilla sløyfe for kvalitetslamm. 🙂
Og Boyadino, lammet til Viktoria, fekk 9 på kropp 8 på bein 9 på dekkull 9 på bunnull og 9 i helhet samla 44 poeng. Lilla sløyfe for kvalitetslamm og 1.pr. for gammalnorsk spælsau. Gjett om Viktoria var stolt. 🤪

Så hadde vi med fem voksne værar til bedømming. Fekk dessverre ikkje dømmeskjema til dei. Iallefall Ramon (grå trønder), Manolo (grå trønder), Scott (sjeviot) og Bump (suffolk) fekk alle 2.pr. med god omtale og litt trekk for diverse bein stilling. Brigg derimot gikk heilt til tops og fekk 1.pr. Skikkelig gøy på ein vær av eget avl i mange generasjoner. 🤩

Så var det ein liten gjeng med kjempeflotte villsau værlamm der. Og då gjekk min kjære far og min kjære sambuar i lag og kjøpte et kjempeflott værlamm av rasen gammalnorsk sau til oss jentene. Lammet er kjempefint og snilt og fikk 9-9-9-9- 1.pr. Så blir det spennande å sette i gang med avl på denne rasen og og med eit flott 1.pr. lamm må grunnlaget vere bra. 🙂 Og gøy å få engasjert både far og sambuar i dette prosjektet for oss jentene. 🙂

Fredag. 21. September.

Då er værane vegne og i morgon tidlig skal værlamm og værar på kåringssjå. 🙂

Og med fint ver meldt burde det kunne bli eit fint kåringssjå. 🙂

Søndag. 16.September.

Trist dag i dag. Fant lille kattungen vår Miss daud i grusveggrøfta i dag. Mest sansynlig har ho sete under bilen og hoppa av i fart eller noke. Leita høgt og lågt etter Miss i fleire dagar så var godt å finne ho på ein måte og ikkje måtte lure meir på om ho sat fast ein eller annan plass og svalt eller noke sånt. Miss var sånn ein herlig kattunge og hadde fortjent å få bli ein gammal gårds katt.
 
R.I.P kjære Miss du var ein fantastisk katt den korte tida du var hos oss.

Laurdag. 15. September.

Her har det gått i et ei stund no. 😙 Sliten.

Hoppesjået gikk sånn passe. Betty fikk god kritikk og 3.pr. godt fornøgd med ho. Leopold var og kjempeflink og tolmodig. Og kjempefornøgd med insatsen til Fiona og tømmekøyringsprøva hennar. Skuffa over lave poeng frå eksteriørdommarane likevel lykkelig for at dei gav ho godkjendt pr. Måtte sko og støype sjøl dagen før sjået pga ho var sårføtt. Heldigvis gjekk ho heilt fint med sko. 🙂

No har det vert monsunregn nokre dagar. Har sett Pegasus på stallen pga ramp. 😎 Ronja på stallen pga halt/sårføtt vf. I går fekk Betty og Leopold og Future komme i hus var lite beite og vått overalt der dei gjekk. Og Lydia kom springande til meg på beitet (alle ponniane sto i stallen og ho stakkar måtte stå ute på beitet) og var lykkelig for å få komme i hus.  Fiona klarer fortsatt å krabbe under stor/liten skillet i stallen. Ho er 127 cm og skillestanga er på en 110 cm. 🤩

Sauene har det bra. Er faktisk to som det veks gras i ulla på. Har aldri sett noke sånt før. Er frø med røtter og rundt 2 cm lange grønne grasspirer i ulla.

Torsdag. 30.August.

Spenninga er til å ta og føle på. To dager att til hoppeskuet og fortsatt masse lause tråder. Men men vi kjem nok i mål på et vis. Håper berre vi kan reise med begge hoppene. No avhenger alt av flaks og perfeksjonisme. Har fått fat i alt tilbehør som trengst. 🤔😎🙂🤩

Tirsdag. 28.August.

I dag høljregna det i byger. Så vi var å shoppa litt klær og diverse shampoo og børster og svamper til morgondagens ponnivask. 😎

Har henta gimrene frå Likkjestølen til Engebø i går. Så no er alle sauene litt lettare å sjå til. 🙂

Øver og øver med ponniane til hestesjået. Og jobber med stallplaner. Hadde vert deilig å få på plass stallen før det blir snø og is. Spent på om vi får det til. 😙

Fekk i hus to svanser med høy i går. No e låven smekk full av høy. 🙂

Torsdag. 23 august.

Her har det gått i et lenge no. Er fysisk bra sliten kvar dag.

Rundt 60 gjester kom til 30 års dagen min og 30 års dagen til Silje (bestevenninna mi). Vi hadde Johan og Henning til å spele. Super musikk som alltid. Koldtbord og deilige kaker. God stemning med gode venner og familie. Det vart en uforglemmelig kveld med masse fine minner. 🙂

I forkant la vi tunhellene fint og ordna benken, malte, grusa tunet, planta blomster, vaska hus og ordna mat. Gøy når det då blir et vellykka arrangement. 🙂

Vi fekk rundballa 2.slåtten. Heldigvis akkurat på tørr mark før regnet kom.

No går det i trening av Fiona og Betty og Leopold til hoppesjå om ei veke. Er kjempespent alt. Betty og Leopold skal mønstrast og Fiona må både mønstrast og ha tømmekøyringsprøve. Er gøy med hoppesjå og samtidig veldig spennande.

Har levert 21 lamm og 7 sauer/værar. Trist som vanlig braut i tårer halvvegs tilbake etter å ha vore og levert dei.

Har vore å tatt litt bilder av sauer osv. Så her blir litt bilder etterkvart på sida igjen har vore litt stillstand ei stund.

Onsdag. 08.August.

Her går det i et for tida. Har fått lånt oss okse til kvigene. Så kanskje det blir kalver neste år. 😎

Har malt og vaska hus sånn at det kan bli party. Lagt om heile helle tunet og fiksa benken og grusa. 🙂

Vann slangen mellom husa og brønnen var av i en skøyt under bakken. Fikk heldigvis fiksa det. 😎

Fått i hus fire store svanser med høy. Og no er det meldt brøyever neste veke så då må vi prøve å få tatt resten av høyslåtten. 🙂

Dyra har det bra. To hester er vekke på prøve og eg har fått en liten shettishingst på et år. Gleder meg til å følge han om enn han fortsatt er en liten pøbel. 😉





Mandag. 30.Juli.

Torsdag vart en forferdelig trist dag for meg. Etter ei veke med intensiv pleie av en meget sjuk Lotte-Lina døydde ho i fanget mit torsdagskvelden. Obduserte ho og fant at ho hadde en blindtarm som av ei eller annan årsak ikkje fungerte normalt plutseleg. Lotte-Lina var en snill sau som aldri var noke trøbbel med så det var forferdelig ulogisk og trist at ho fekk eit slikt endelikt. Lotte-Lina vil bli hugsa med mange gode minner og ikkje minst for det utrulige motet og stå på viljen i sjukdomstida. R.I.P. Lotte-Lina.

Ellers har vi no hesja og fått i hus tørrhøy.

Fredag. 13.Juli.

To veker med ferie i tyskland er over. Rart å vere i tyskland etter gammalt og fint. Masse deilig mat og godt selskap. Fekk ri på 170 cm hannoveraner hingst. Det var godt å ri stor hest etter gammalt. Samtidig får eg veldig mixed feelings av heile ridehest holdet. Er grunnleggande mot box, hall, nasereimer og innspenningstøyler, bitt, mini luftegårder og i det heile holdningane rundt hesteholdet. Takke meg til glade ponnier på store beiter. 😎

Så var vi ein dag i Nederland. Besøkte dei nederlandske ponniavlarane som vi fekk Tsarina av og helste på familien hennar og Aragorn som no er blitt en stor og flott dølavallak. Kjempefin dag. Eit lite føll var til og med komme på eine beitet overraskande og det fekk norsk relatert navn sia vi var der den dagen. 😉

Så var det tilbake til høyslått og kvardag. Har fått i hus en del høy og enno er det en del små bøar og kantar som skal tørkast. Blir hesjing for brøye ver er det ikkje meldt på lenge. Ellers veks håa på rundballebøane fint og. 🙂

Vi tok en dag her i forrige veke og helsa på dei to dexter kalvane vi har tinga. Og dexterane er unektelig nokre søte små kyr. 🙂

Goldmund hadde klart å få villkjøt i såret medan vi var vekke og måtte til vet å få det svidd av. Så no er Goldmund strengt bevokta for at såret skal gro fint skal til kontroll hos vet neste veke. Og i går henta eg to små venner til goldmund som skal heite Jess og Miss. Kjempefine kattungar som vi fekk hos Silje. Håper goldmund blir godvenner med dei. Det hadde vore fint no når både Teigen og Grisabella har vore vekke i over to mnder. Håper dei kjem att i god behold. Er bekymra for dei.  🤔

I går fann vi eit lamm med flogemakk mellom bakbeina. Flogemakk er utan tvil noe av det verste som fins. For ein tortur det må vere når dei angrip. Heldigvis var dei ikkje komne gjennom huda og lammet burde kunne klare seg fint når vi no fekk behandla det. 🙂

Eros er flytta i allefall på prøve for to mnder. Og det virker som Eros trives.🙂

Avlshingsten Ødegaardens Future er kommen til gards og går med Bine og Betty. Future er en fantastisk snill og flott hingst så det hadde vore fint om det kom ei hoppe eller to ekstra til han.

Ellers driv eg og Silje og planlegg bursdagsfest. Litt gøy må en ha det. 😎

Storm og Pegasus har bytta beite fordi dei stakk av. Så no har Svarten og Prins Mars heile hingstebeitet.

Mandag. 11.Juni.

Er ikkje mykje tid til websideoppdatering for tida. Alle dyra er på beite og pga tørka køyrer vi hundre til tohundre liter vatn kvar dag.

Følla er så flotte og veks og trivast. Verka til og med hovane på dei her om dagen.

Lamma er og flotte. Og dei veks og trivast.

Mista dessverre to gimrer no på beitet. R.I.P. Tunhjarte og Knerty. Både Tunhjarte og Knerty har vore gimrer vi har hat et nært forhold til frå dei var lamm. Så dette var trist.

Torsdag. 24.Mai.

Så kom sola og bøndene er slått ut. Lille bonden fekk feber og hoste og storebonden har no sår hals og rennande nase.

Meta (suffolksau) har fått koldbrann i juret. Og Sabè (suffolkgimr) hang fast i et gjerde og skada foten. Begge er heldigvis litt bedre. Stakkar sauene.

Følla veks og trivast. Og følla leikar masse med kvarandre.

Lamma veks og trivast og. Fin gjeng.

Onsdag. 09.Mai.

Då var lamming og følling unnagjort. Fekk 105 levande lamm. Eit lite vart berre ei veke, eit var daudfødt, eit døydde pga misfortståing i vaktskiftet og vi vart nokre sekund for seine til å få vekk slimet på nasen og ellers har det gått fantastisk bra i lamminga. Hadde en sau med børbetennelse og en med melkefeber ellers ingen sjukdom eller fødsler vi ikkje klarte å løyse sjølve. All ære til far min for det. Far min er en fantastisk sauefødselsansvarlig når lamma ligg hulter ti bulter. Eg er mykje meir forsiktig. Og så blir eg fort usikker når alt er forvridd og rart men men klarer om det ikkje er andre i nærleiken stort sett å få orden på sakene.

To flotte føll er kommne. Amanda og Leopold er berre herlige.

Bine er bedekt med Amandus spent på om ho tok seg. Og Lollie går med Zaspel aus Waat blir spennande med føll der ho er og alt bedekt.

Ellers er det surt og kaldt. Venter på varme og sol så gras og lamm kan vekse.

Søndag. 01. April.

Då er lamminga i gang. Tone fek eit flott simpelamm på morgonen. Og Rosaceae fekk to fine værlamm på kvelden. Fin tid.

Veret derimot er heilt sprøtt. Surt og kaldt med snø og sludd. Hadde vore fint med sol og varme i staden. Treng beiter etterkvart no.

Torsdag. 29. Mars.

I dag vart en travel dag. Køyrde Lara til flyplassen. Lara har vore en mnd på garden og vore med på det daglige stellet av dyra så eg fekk tid å klippe og slappe av litt. Veldig godt med litt avlastning.

Så var eg sta å skaffer låser til huset. Ødela låsen i forrige veke etter at den hadde kilt seg.

Fått fat i elgjerdebatteri og småting som må vere på plass før lamminga. Og ordna masse sånn små dill.

Kom for å ta kveldsforinga på garden og der låg Mette (sauen) i stekken og hadde skum rundt snuten og var slapp. Målte tempen til 35,6 typisk melkefeber. Fikk heldigvis fat i dyrlegen fort og dyrlegen kom og gav kalktilskudd. Mette vart fort betre etter å ha fått dekt kalk underskotet så var nok melkefeber ho hadde. Får gi ho energibalanse i tilleg til foret desse dagane til lamminga for sikkerheits skuld. Har termin 04.04. så ikkje mange dagane til. Er spent på kor mange lamm ho har. Ho er kjempestor i år.

Fredag. 23.Mars.

I dag har det vore kjempeflott vårver. Så vi tok å rei på toppen av Engabøfjellet/Furåsen. Eg på Ronja, Malwina på Eros, og Lara på Gaia. Ronja var berre heilt rå i galoppen. Og eg er heilt møyr etter å ha ridd så mykje etter ikkje å ha ridd så langt på leeeeenge.

Værane er kome på vårbeite med leskur og trives heilt supert. Låg og kosa seg i timevis i sola i dag. Og føllhoppene har fått luftegard med gras. Det var og stor stas.

Driv å klypper litt sauer i mellom alt annet. Har igjen rundt seks med heilårsull resten har heldigvis berre halvårsull. Stor forskjell. Deilig å sjå at det er mindre og mindre att å klyppe for kvar økt.

Berre dagar igjen til lamming og følling no. Grugleder meg og eg er så spent så spent.

Laurdag 17. Mars.

Deilig å komme tilbake til garden i strålande sol etter nokre dagar på Alexandra hotell. Heile familien reiste til Alexandra der vi kosa oss med bad og mat og masage og dans. Absolutt å anbefale for slitne bonde damer og drosje/brøyte karar. Bra batterilading.

Så kom Gaia attende i dag. Var godt å få Gaia attende til flokken.

Søndag. 04.Mars.

I dag har eg faktisk drive med alt annet en gård. Litt rart å ikkje ha vert på gården ein heil dag.

Har derimot prøvd korleis det er å ha det litt familie koselig. Brent bål og grilla pølser med sjøen i lag med familien og Leidulf og så kom en nabo forbi og prata ei stund. Og så vert i tretti års dag til Trine Lise og ete kaker og drukke brus. Var veldig koselig alt sammen.

Fredag. 02.Mars.

Vi skriver vårmnd no. Har en smule vårfornemmelser. 🤪🙂

I dag hadde Malwina og Lara ei fin økt med Eros. Malwina og Lara rei begge to på Eros i skritt og trav med sal og det gikk fin fint. 😎😉

Eg har klipt en liten gjeng sauer. Skal bli deilig når alle sauene er klipt. Sette resten av dei voksne sauene i fjøsen så dei får litt meir intensiv foring frå no til lamming. Børsta Amandus og Amandus røyter store dunger med hår for tida har snart blank pels alt.

Ellers var eg flink kjerring og baka gode boller i går. Litt luksus må en ha.

Søndag. 26.Februar.

Har vore på koseleg sundagstur med Per, Ingeborg, Daniel og Elias. 🙂 Prøvde å bestige Furåsen. Var godt forberedt med Amandus som bæreponni for slitne barn. Måtte likevel gje oss halvveis til Furåsen fordi snøen vart for djup for Amandus og minste barnet sa ho ikkje orka å gå og ingen orka å bere ho. 😎 

Fint ver. No bles det derimot temmelig kraftig igjen.

Laurdag. 18.Februar.

Fått meg ny hest eg..... Eros er tilbake på garden. Blitt kjempefin og voksen. Spennande å ha Eros tilbake og eg har alt fått joina up med han. 🙂😎

Onsdag. 15.Februar.

Berre 6 veker igjen til lamminga og 8 veker igjen til føllinga. Kor tida susar av stad.

I dag har vi sett i hus dei 30 som skal lamme først. Må få klipt dei før lamminga osv. Klipte dei 5 store værane i dag og klipte klauver på dei. Veldig forskjell på klauve kvalitet og fasong.

Kjem en hest til gards og i løpet av dei næraste dagane. Kven hesten er kjem det info om når den er kommen til gards. Gleder oss i allefall. Var i si tid ein av dei verkelege godhestane her.

Ellers har her vore økokontroll som resulterte i at det mest sansynlig blir konvensjonelle sauer frå neste år av igjen. Arealkrava er temmelig latterlige for økosau når sauene faktisk har ein heil bø å gå på i tillegg til god plass i hus. 1,5 m2 per sau er temmelig mykje det. Og kan forstå det om dei ikkje kan gå andre plassar en i bingen. Med tilgang på rikelig luftearel derimot blir det for dumt med sånne krav.

Kommentarer

29.05.2013 10:55

Even

Hei. Har dere alle sauene deres under sida sau ?? Ser ikke alle dere skriver om her

02.11.2010 17:30

anni

såå mange fine ponier til salgs: ) spesielt Stjernens Mini Fairly og Grytas Pegasus, er det di på finn.no???

05.08.2012 10:49

rosi

eg synest pegasus e kjempe søt!<3

15.10.2010 18:03

Lene

eg elska katta vi har 2

20.08.2010 09:09

Anne

Gratulerer så mye med å ha fått høyet i hus og en fantastisk lammevekt.
Pass på å få hvilt litt også da Godt at noen står på. Ha en god helg!

04.09.2010 21:42

Dagmar

Takk. Takk. Å det kommer nok regndager og. Det er dager for å ta det lugnt.