21. okt, 2017

21.Oktober 2017.

Holy crap. Lenge siden eg har skrive her gitt. Facebook stjel alt for mykje tid og merksemd.

Har skjedd enormt mykje på over eit halvt år. Masse flotte føll og lamm og kje og kalver er komt til verden.

Ammeku flokken vår har mange dobla seg. Og består no av fem dølafe kyr og kviger.  Ei telemarksfe kyr. To Vestlandsk fjordfe kviger. Ei Sida Trønder og Nordlandsforskning kvige. To Vestlandske Raudkoller. To Vestlandsk Raudkolle kvigekalvar. Ein dølafe oksekalv og ein telemarksfe kvigekalv. Og ein Vestlandsk Fjordfe okse. 

Vi har fått fire herlige føll med veldig godt lynne. Gryta Lyngs Royal n/l hingsteføll svart etter Sørgards Brumma og Slettmo Skarv. Grytas Esteban svart shettis hingst etter Grytas Esmeralda og Grytas Kleivar. Grytas Camilla svart shettis hoppe etter Grytas Storm og Grytas Satin Future. Grytas Connie svart shettis hoppe etter Grytas Storm og Grytas Betty. Hoppefølla beheld vi og hingstfølla burde vi selge. 

Vi fekk nøyaktig hundre lamm i år. Derav er nokre allereie slakta og nokre værlamm solgt til avl. Søyelamma beheld vi som vanlig. Prisane på slakt er latterlige i år. Så enno ein grunn for å gå over til vegetarsau. 

På stølen har det vore gjort ein kjempeinnsats i sommar. Stølskviene er slegne og skog rydda også langs stiane. Selet er mala og søppel frå fleire generasjoner bore til gards og kasta. Godt med noken som tar tak. Geitene tilbrakte ein mnd på stølen og kyrne var der ei vekes tid. 

Eg er i gang med prosjekt Ullgryta som skal føre til at ulla frå dei flotte sauene våre vert garn og vi får litt igjen for den. I staden for å få minstepris og den flotte naturfarga ulla berre bli bleika og forsvinne i det store intet. 

Ellers er det som vanlig høgt turtall i planlegging og utføring av alt som må gjerast. Økonomien held ikkje følge med halvparten av ideane ein har. Heldigvis har vi wwoofere storparten av året sidan ryggen min ikkje klarer å holde med på alt eg vil. Tragisk slått vart det og i år. Så må kjøpe mykje for eller selge mykje dyr. Alle som kjenner meg veit at då blir det å skaffe for....... 

Var i dårlig form lenge pga mangel på vitamin D og Folsyre. Heldigvis er det normalisert igjen. 

Svarten og Carmen er solgt og reist til kvar sin flotte plass. Er sikker på at Svarten og Carmen  får det supert der.