13. nov, 2016

12. November 2016.

Vinteren er kommen no. Og dermed foringssesongen for dyra. Mykje og til dels tungt arbeid om dagane. Kunne virkelig trenge en dyktig wwoofer no. 😙

Herlig likevel å vere i fjøsen med dyra og høyre dei gomle fornøgde på rundballe og tørrhøy. Fekk laga knusktørt høy av vårt eige gras i år. 🙂

Sæddunken er kommen på plass. Og om ei vekes tid er det tid for paring igjen. Veldig usikker på kor mange som skal parast. Er etisk imot slakt og samtidig trur eg det er viktig for dyra å kunne få lamm. 😎

Kyllingen veks og trivast. Og alle eksperter meiner kyllingen er ei ho. 🙂

Hestane koser seg med å bli litt brukt igjen etter sommaren.

Værane venter på paringstida og er så flotte att. 🙂

Og vi menneska er litt slitne etter flytting og husbygging, rasegoskjenning av GNS som eg har reist rundt og vore med på i haust, arbeid og meire arbeid, planlegging av gardflor og forberedelser og ellers alt som må gjerast klart før foringssesongen. 😉