13. okt, 2016

12.Oktober.2016.

Hausten er komen no. Lauva står i fine fargar og vi nyt sol og kalde klare haustdagar. Det gjer dyra og. 🙂Har sett i hus værlamma for å unngå ukontrolert paring.

Årets siste slaktepulje er sendt. Og ein del livdyr er flytta. Værar har komme til for paringssesongen. Og sauene går i ein stor flokk på inn og utmark. Rasegodkjenning av GNS har vi gjennomført på ei lita gruppe av sauene. Og dei aller fleste vart rasegodkjent som GNS. 🙂

Kyllingen veks og trivast. 🙂og dei svartbrune hønene legg flittig egg.

Kåringssjået er overstått med fire av fire mulige lamm kåra. 1.pr. på GNS lamm med Kaktus og 2.pr. på sjeviot lamm med Pedrolito. Vi hadde med to voksne værer. Der fekk Jonsokgutten 1.pr. og Huacayus 2.pr. 🙂

Klippinga er i gang. Og det samme er planlegging av paring osv.