30. mai, 2016

Mandag. 30. Mai.

I dag slepte vi nl avlshingsten til avlslaget med hoppa vår. Skarv og Brumma har øvd og øvd på videreføring av gener i heile dag. 😉

I går slepte vi Storm med Betty og Satin. Kleivar går med Lollie og Esmeralda. Og Svarten går med Beatrix.

I går var vi og og leverte Lucky til et hyggelig paar som har kjøpt han av oss. Eg trur dei og Lucky blir lykkelige med kvarandre. 🙂

Unghingstane er komne på sommarbeite. Og hoppene er og på beite. Larina er omsider kommen hit att. Så glad for at eg fekk muligheta til å kjøpe Larina att. 🙂

Lamma veks og trivast. Dei kriminelle sauene er så gira på å gå der dei ikkje skal at dei no har brote seg frå et bra beite til ett som er totalt nedgnagd. 😋

Vi har laga attlegg av heile bøen innanfor fjøsen. Eg trur det blir knallbra. 🙂

Gamlestova har fått tak. Og kledning er på vei på. Så innflyttingsfest og praktikant bolig er nokelunde i rute. Dette blir bra altså. 🙂

Ellers har det no vore mykje trist denne mnden. Zarzamora og Silje to gode gamle sauer og kjære venner har gått bort. Og ungane har mista bestefaren og sambuaren far sin. I det triste er det om å gjere å finne noke fint. Og om noke skal nevnast hadde dei alle gode og lange liv. Og dei fekk bli gamle. 💔💔

Grønsaks frukt/bær hagen er nesten i rute. Må berre få litt tid til å flytte et gjerde og plante litt. 😎

Vi har fått oss en supersøt liten hane. Og hønene er blitt meir omvandrande. 🙂