22. des, 2015

22.Desember 2015.

Jula nærmar seg med stormskritt. I dag har vi henta juletre i eigen skog. God gammal tradisjon heilt sidan eg var liten unge. Og eg er stolt over alt garden produserer som vi kan nyte medan andre må kjøpe.
Juleduken er kommen på bordet og julegardinene i vindauga. Ellers er det ikkje prioritert så mykje julestyr. Dagane er lange og slitsomme. Det er ikkje å legge skjul på. Det tek på å ikkje kunne ha praktikant. Og å måtte gjere alt sjøl med sine begrensninger på løfting og bæring og generelt belastning. Tar sikkert dobbelt så lang tid med det meste for meg. Men men eg skal ikkje klage. Har heldigvis en flott familie som er med å letter arbeidet litt. Så det går på et vis. :) Om nokre mnder skal vi flytte på garden og eg ser for meg ein lettare kvardag på mange måter. Mykje omstillinger blir det og flytting er temmelig mykje styr. Likevel blir det bra å være nærare dyra og naturen igjen. :)
Som vanlig funderer eg på framtida. Kva ein bør drive med og kva økonomien tilseier. Skulle hat en skikkelig god og innovativ rådgjevar. ;) Må modernisere litt skal det gå å ha så mykje dyr. Blir litt motlaus når eg bruker 6 til 8 timer i fjøsen kvar dag og andre bruker ti minutt........ Får sjå på den gode sida. Dyra mine har hvertfall bra med tilsyn i løpet av dagen. :)

No er det berre to dagar att til jul. Gleder meg og veit det blir travelt på same tid.