Stall Gryta et stutteri som driver avl på nordlandshest/lyngshest og shetlandsponni i Naustdal i Sogn og Fjordane. I tilleg har vi sauer på garden og eit esel og to eigne kattar og av og til forbipasserande rekekattar.
Ideologien er at alle folk og dyr på garden skal ha det godt psykisk og fysisk. Dyra skal kunne leve så optimalt tilnærma det som er naturleg for dei som mulig. Folk og dyr skal vere trygge på kvarandre og fungere i samspel i alle situasjonar. Og uansett kva situasjonen er skal dyras beste ivaretaes.
Dei 4 gylne reglane er.
*Mat. Alle dyr på garden skal til ei kvar tid ha rikelig og god mat.
*Ly.Alle dyr på garden skal etter behov ha tilgang på skygge og ly mot regn og ruskevær.
*Respekt.Alle dyr på garden fortener å bli behandla som enkeltindivid og respektert på ein slik måte at ein ikkje bryt deira grenser for kva dei takler av handtering. Det er uakseptabelt å brøle til eller slå eit dyr for å få ein reaksjon. Ein forståelse for dyret sin natur og personlighet må ligge til grunn for alt samarbeid
*Trygghet. Alle dyr på garden skal kunne føle seg trygge. Både i flokken med å bli skjerma frå andre dyr som er brutale eller høgare i rang og på den måten at alt blir gjort for å få dei friske om dei skulle bli sjuke. Alle dyr som blir sjuke har like krav på mulig behandling så lenge der er mulighet for å bli friske.
Følg med på sida for info om kva vi driv med. Info om hester og andre dyr finn du på kvar art si side.
Skriv gjerne ei helsing i gjesteboka. Det er alltid hyggeleg.
For kontakt send mail til stallgryta@yahoo.com eller ta kontakt på tlfnr 95 85 50 66
.