Etter nokre år utan tamme geiter på garden var vi våren 2013 og henta 4 flotte kashmir geitekje. Som beitepussarar og leikekameratar til ungane. Våren 2014 kom sju flotte kje og fem av dei er geitekje som vi har behelde. Det kjennest godt å ha geiter på garden igjen om enn dei kan vere litt flinke å snike gjennom gjerda og ete alt annet en det vi hadde tenkt.

Kjea er akkurat komne til gards våren 2013.

Laila.

Sjefsgeita vår f. 2013. Laila er ei vakker kvit geit som er sosial og fin.

Fekk to flotte geitekje i 2014 som vi har behelde. Jackie og Jaqueline.

Annlaug.

Kvit geit f.2013. Annlaug er litt sky og samtidig veldig søt.

Fekk to flotte bukkekje som heitte Kåre og Reidar i 2014. Dei måtte vi desverre slakte.

 

 

Prikki.

Blåbotete geit f.2013. Prikki er snill og litt sky.

Fekk eit flott geitekje i 2014 som vi har behelde. Rose.

Santa.

Kvit geit f.2013. Santa er ei forsiktig kosete og fin geit.

Fekk to flotte geitekje som vi har beholde i 2014. Tante Nina og Apple Bloom.

Jackie.

Kvit geit f.2014. Jackie er kosete, leiken, fin og søt.

Etter Laila. Heilsøster til Jaqueline.

Jaqueline.

Sjefen av unggeitene og blåbotete f.2014. Jaqueline har ekstreme klatreevner og hopper og klatrar kor det skal vere.

Etter Laila. Heilsøster til Jackie.

Rose.

Brunbotete geit f.2014. Rose er sky og veldig flink å hoppe og klatre.

Etter Prikki.

Tante Nina.

Kvit geit f.2014. Tante Nina er ei snill og kosete lita geit.

Etter Santa. Heilsøster til Apple Bloom.

Apple Bloom.

Brunbotete geit f.2014. Apple Bloom er litt sky og ellers berre snill.

Etter Santa. Heilsøster til Tante Nina.