Foxy.

Etisk sauehald.

Innerst inne i hjertet mitt er eg heilt overbevist om at dyr ikkje er til for å bli kjøtt og menneskemat. Når ein er ein del av saueflokken, som ein blir som bonde, og blir kjent med kvart enkelt individ ser ein fort at dei har like stort kjenslereportoar som vi har. Alle har ulike personligheter. Og den hjertevarmen en sau har for sine venner, også menneskevenner, er heilt unik. Så i min drømmeverden hadde sauer kunn blitt holdt som kjæledyr som produserer ull og beitepussing.

Problemet med det er at regjeringa ikkje er heilt einig med meg. Dei meiner sauer som ikkje produserer kjøtt ikkje bør ha rett til tilskot på lik linje med sauer som må få lamm kvart år og produserer kjøtt. 

Her blir sauene "pensjonert" når dei ikkje bør få fleire lamm eller har fått nok etterkommere for å føre genene sine videre. Sidan vi driv bevaringsavl på to raser er det og praktisk å ha slike pensjonister en evt kan avle på om ei grein av genmangfoldet forsvinn med åra.

Har du lyst å hjelpe meg å la ein sau få leve og ha det godt uten å verte utnytta til kjøttproduksjon.??

Tanken er at folk kan få sponse en av pensjonist sauene våre og i bytte få et månedlig infobrev med bilder av sauen, ull fra sauen, mulighet til å besøke sauen og mulighet til å vere med å bidra til å bevare eit åpe kulturlandskap på Gryta i Naustdal kommune. Du kan sjølvsagt velge om du berre vil gje ein slant til bevaring av sauen eller om du vil bli ein slags fast " fadder" for denne eine sauen du har valt.  

Foxy.

Ei flott søye av rasen gammalnorsk spælsau. Ho kom til verden på nabogården i 2007 og  kom hit som ung sau. Difor har ho eit oransje øremerke frå garden ho kjem frå og eit kvitt merke som syner at ho er kjøpt. Foxy er ein klok og fornuftig sau. Ho er kosete med meg derimot litt forsiktig med fremmede. Foxy har vore ein produktiv sau i sine yngre dager. Ho har fått både to, tre, og fire lamm. Og siste gangen ho hadde lamm var i 2012 då ho fikk firlinger. Alle lamma tok på magemuskulaturen så ho viste teikn på å kunne få brokk om ho skulle få lamm fleire gangar. Spenane var og knudrete etter at lamma hadde slåss om å få melka. Så fekk ho mest sannsynlig børbetennelse og då dyrlegen kom og behandla ho meinte han at etter denne sesongen var det på tide å " pensjonere" ho. Han meinte sende ho til slakt...... Inne i meg tenkte eg videre på dette med å pensjonere ein sau. Ville ikkje det rette vere å gje ein slik sau ein fin og bekymringsfri alderdom.? Ho hadde allereie gitt oss så mange flotte avlssøyer og værer. Og det norske folk mange kilo kjøtt og ull. Går det å ha ein pensjonist sau.? No er Foxy pensjonist på tredje året og virker å trivest godt med det. Ho er fortsatt sprek og rask og kjem alltid bort for å helse på og kanskje få seg ein godbit. Har du lyst å verte ein som sponser alderdommen hennar. Ta kontakt med bonden på stallgryta@yahoo.com. 

 

Mette.

Ei stilig søye av gammalnorsk spælsau født 2008. Dei fleste som har vore her på garden har eit bilde av ho i samlinga. For ho er verkeleg ein fotogen sau. Mette har bidrat til avlen med flotte værlamm og søyelamm og har spredt sine gener vidt og bredt i sunnfjord. Etter flotte trillinger fikk ho lov å bli pensjonist for nokre år sidan. Og det virker som ho trivst med det. Ho er veldig glad i godbiter og kos. Og at ho er vakker er ho fult klar over.