2. nov, 2022

02.November 2022.

Er vist litt sløv til å skrive her. Flinkere på Facebook og Instagram.

Var på føllskue i helga med heile gjengen.

Constantin fikk 2.kval i ei flott shetlandsponni hingsteføll gruppe med poenga 8,5-8-8-7,5-8.

Amandus fikk 7-7,5-7,5-7-7.

Speedy fikk 8-8-7-7-7,5.

Vikka fikk 7-7-7-7-7.

Nilus fikk 7,5-7,5-8-8-7,5.

Godt fornøgd med snille og tolmodige føll. ❤️❤️

I løpet av sommaren har vi solgt Scootaloo, Marika, Prima og Satin og det virker som dei har fått gode og snille eigarar alle sammen. Solveig er med mor si til ho er avvent til våren. Så Kjem Solveig tilbake hit.

I august var vi på hoppeskue i Stryn.

Prima fikk 3.pr. med poenga 8-7-8-7-7,5.

Amanda fikk 2.pr. kval I med poenga 8-8-8-7,5-8. Vart nr. 2 i konkurransen om dagens hest. 

Amandus vart kåra til beste føll på skuet.

Og Viktoria vart kåra til beste mønstrar.

Viktoria gjer ein kjempejobb med trening og vising av hestar og ponniar. ❤️❤️