29. jun, 2018

Fredag. 29.Juni.

Mange tanker og veival for vegen vidare. Fått ein solid bekreftelse på at kjøtproduksjon hvertfall ikkje er vegen å gå. Dagens regjering vil berre ha meir og meir kjøt produsert per sau i eit marked med overproduksjon på sauekjøt. Kva fortel det oss.?? Dei prøver å få vekk dei små bøndene.....

Ellers går det bra på garden. Gode hjelparar gjer at drifta går sin gang. :)

Kyrne trivast i utmarka og på fjellet. Godt å sjå stølen bli beita igjen. Medan sauene har litt meir konkurranse om å finne nye måter å komme seg gjennom gjerder og attende til bøen skjønt om det bugner i gras i utmarka og fjellet. Fleire tusen mål har dei å boltre seg på. 

Geitene, eller kanskje mest vi, venter på Nofence klavane sine. Unggeitene er for spretne og fer over gjerdet medan kjea står att. Frederik vart kastrert her om dagen for å kunne vere med flokken året rundt. Og Laila burde snart kjee. Så når Nofence klavane kjem og dei har lært kor dei fungerer (vi og for såvidt) er det fjellet neste. Mykje meir geitesnadder der.

Hestane har det og fint i sine flokker. Rainbow er slept med Denise og Esmeralda for føll 2019 og Partymann er med på morroa. Unghingstane må snart bytte beite sidan dei er forfulgt av grådige sauer som bryt seg inn på beita deira og et opp all maten. Då får vi sleppe unghingstane på sauebeitet der det bugner av mat. Forstå logikken den som kan.