15. jun, 2018

Fredag. 15.Juni.

Sit her med bronkitt og dermed sjølpålagt husarrest i regnstormen som herjer ute. Så då er der litt tid til å oppdatere sida. Vi har komt oss gjennom føllinga og lamminga med godt resultat. Tre flotte shetlandsponniføll, en hingst, og to hopper. Og 47 flotte lamm her og 4 på nabogarden. Ein flokk sauer med lamm er solgt og dermed ei ny besetning med grå trøndersau i gang. :) Og 5 gjerdesniksauer er sendt til slakt.

Vi har hat den tørraste forsommaren i mans minne. Men men flotte rundballer er hausta og og litt tørrhøy. Trass i at slåmaskina gjekk i streik midt i beste tørkeværet. Så bonden vart tvungen til å bade og slappe av i staden. Kroppen syns nok det var heilt ok. ;)

Vi er midt i kjeing og kalving. Til no har vi fått fire flotte halv boerkje og to geiter att å kjee. Og ein kvige og ein oksekalv har vi fått. Er sju kyr att å kalve utover sommaren. Sidan vi hadde okse med dei er dato litt vanskelig å seie. Så dei må vurderast frå dag til dag.

Ryggen legg store begrensinger på bondeaktiviteten og eg er takknemlig for god hjelp frå både praktikantar og familie. Det er litt krevande å akseptere at alt går litt treigare enn vanlig og at ein del ting ikkje går å gjere fordi ryggen ikkje tåler belastninga. Men men det gjeld å fokusere på løysinger og ikkje problem. Og le av det som en kunne bli frustrert av. :)

To hester reiste til nye eigarar og nye eventyr i går. Alltid litt vemodig samtidig godt å få dei avgårde til gode plassar. Kan ikkje avle om ein ikkje sel. Og uten føll på gården om våren hadde det vorte stussleg.

Brumma hadde besøk av avlshingsten Svarvar Flott så der blir det kanskje et nlføll 2019. Og Larina er hos Lunner Gråen for føll 2019. Måtte det berre bli match denne gangen. Hadde vore stas med fjordhestføll.