12. feb, 2018

Søndag. 14.Februar.

Då har vi gjort oss gode og feite før vi går inn i fasten. 🙂 Er ikkje særlig religiøs men har no i nokre år fasta frå alkohol og godteri frå fastelavenssøndag til skjærtorsdag. Det er mest av alt ei prøve på viljestyrke men samtidig ein renselse for toxiner.

Det er mykje som skjersfor tida. 🙂 Vegen vidare på garden vert sakte staka ut. Om alt går bra vert det til at vi åpner ein liten gardsbutikk i Juni i år. Der vi sel garn, foto, skinn og antikvianteter og snurrepipperier. Prøver å få eit godt samarbeid med andre lokale bønder og kreative folk.

Jobber og med mulighetene for å kunne få til eit "animal sanctuary" for sauene. Orker ikkje meir slakteproduksjon. Og kun livdyravl på sau har eit begrensa marked. Vegetarull er kanskje vegen å gå. Men men vi får sjå ka som går å få til.

Kuprosjektet går for så vidt bra. Det er mykje å lære etterkvart. Stor forskjell på gammelraser som ammekyr og nrf som melkekyr som var hoveddrifta på garden frå vi tok over til 2006. Etter fire år som melkebønder solgte vi kyr og kvote. Det vart sau og hesteavl som vart hovudnæringa. Og no i 2017 tok vi til for fult med gammelrase kyr. Vi kjøpte ei drektig kvige og fekk som bonus to av kyrne vi kjøpte som viste seg å vere drektige og. Så fekk tre kalvar i 2017. To kvigekalvar og ein oksekalv. Heilt perfekt fordeling det. To dølafe og ei telemarksfe.

Hestane virker å trivst med den nye stalløysinga. Så no har alle ponniane skikkelige utegangsløysinger som kan lukkast om kvelden i skikkelig "vestlandsver" og dei "store" hestane har bokser i fjøsen. Einaste eg slit med hestemessig er å finne tid og energi til å trene og fore til utstilling. Så der må eg ta meg på tak etterkvart.

Geitene let til å ha det bra. 🙂 Har bestilt fire No Fence klaver som eg gleder meg til å prøve i praksis. Fem stk burde mulihens vente kje til våren om alt går bra. Geiter er fantastiske dyr.

Hønene ser lyst på det no når dagane vert lenger og verp for fult igjen. Så dei held huset med egg og litt til. 🙂