31. des, 2016

31. Desember 2016.

Eit nytt år er omme. :-) 

Dette året har gått i rekordfart og vert fylt med både gleder, sorg, slit og latter. 

Mange kjære både dyr og mennesker har gått bort i året som gjekk.    :-( 

Vi har flytta inn i nytt flott hus på Gryta på garden. Gamlestaua er blitt renovert. Gardfloren er blitt renovert. Og ein bø har vorte grøfta og sådd. :-) 

Vi fekk eit nydeleg hingsteføll av shetlandsponni og kjøpte oss ei flott fjordhoppe. Sju hopper har vore til hingst og venter muligens føll i 2017. Fire ponnier og eselet vårt er selde og har flytta. 

Vi fekk femti fine lamm. Derav er 22 simpelamm og ti værlamm sett på. Solgt mykje livdyr og nokre stakkarar til slakt. Og no er mange sauer para med lamming om nokre mnder.

Fjorten kje kom til verden. Derav har vi beholdt fire og solgt mesteparten til livdyr og nokre bukkekje til slakt.

Hønsene har fått en sjølvavla kylling som no er blitt stor. Ei høne vart tatt av hønsehauken. Og to av dei gamle hønene strauk med av alderdom. Fire unge høner har komme til. 

Kattane har ikkje formeira seg. (konsekvensen av sterilisering.)

Og så har vi kjøpt oss tre flotte dølafekviger på tampen. 

Då gjenstår det å ynskje alle venner og kjende Godt Nytt År 2017.