18. sep, 2016

17. September 2016.

Det går mot haust. Og heldigvis vart det nokre dager med fint ver etter vekevis med regn. 🙂

Ei pulje med slaktesauer er sendt. Ein god del livdyr er tinga. Geiteflokken er redusert til vinterbestanden. Det er snart fjøssesong igjen.

Eg har fullført utdannelsen min som dyretolk. Og har blitt rasegodkjenner på Gammalnorsk Spælsau. 🙂

Ei bra gruppe med hopper er bedekt for følling 2017. Vi gler oss veldig. 🙂

Golvet i utegangsstallen vart støypt på i går så den er og i rute. 🙂

To kjære sauer er ikkje med oss lenger. Vattentatten og Småtten. R.I.P. Vattentatten og Småtten. De vert aldri gløymde. 💔💔