1. mar, 2016

Tirsdag. 01. Mars.

Det er vår...... iallefall på kalenderen. Ute er det snø og sur austavind.

Magane veks på sauer, geiter, og ponniar. Berre litt over ein mnd att til små dyreungar er venta. 🙂

Eg koser meg med å ri ponniar og hestar frå stallen til lufting på beitet. Ikkje mange metrane likevel ei kjærkommen forandring i forhold til alltid berre å leie.

Lucky er solgt og skal flytte i løpet av våren. Eg er sikker på at Lucky får det godt der han kjem. 🙂

Huset vårt tek form for kvar dag som går no. Veggene er malt og plata i alle romma untatt våtromma og kjølerommet. Og i våtromma er golvbelegga på plass. No er det mykje forventning og glede til flytting om en mnds tid. 🙂

Skal bi godt å kunne labbe i fjøs og på beitet til alle døgnets tider. Har tusen ideer for å utvikle garden videre. Men men viktig å ta det steg for steg.  Ein kan ikkje få til alt på en gang. 🙂