Gardsblogg.

13. okt, 2016

Hausten er komen no. Lauva står i fine fargar og vi nyt sol og kalde klare haustdagar. Det gjer dyra og. 🙂Har sett i hus værlamma for å unngå ukontrolert paring.

Årets siste slaktepulje er sendt. Og ein del livdyr er flytta. Værar har komme til for paringssesongen. Og sauene går i ein stor flokk på inn og utmark. Rasegodkjenning av GNS har vi gjennomført på ei lita gruppe av sauene. Og dei aller fleste vart rasegodkjent som GNS. 🙂

Kyllingen veks og trivast. 🙂og dei svartbrune hønene legg flittig egg.

Kåringssjået er overstått med fire av fire mulige lamm kåra. 1.pr. på GNS lamm med Kaktus og 2.pr. på sjeviot lamm med Pedrolito. Vi hadde med to voksne værer. Der fekk Jonsokgutten 1.pr. og Huacayus 2.pr. 🙂

Klippinga er i gang. Og det samme er planlegging av paring osv.

18. sep, 2016

Det går mot haust. Og heldigvis vart det nokre dager med fint ver etter vekevis med regn. 🙂

Ei pulje med slaktesauer er sendt. Ein god del livdyr er tinga. Geiteflokken er redusert til vinterbestanden. Det er snart fjøssesong igjen.

Eg har fullført utdannelsen min som dyretolk. Og har blitt rasegodkjenner på Gammalnorsk Spælsau. 🙂

Ei bra gruppe med hopper er bedekt for følling 2017. Vi gler oss veldig. 🙂

Golvet i utegangsstallen vart støypt på i går så den er og i rute. 🙂

To kjære sauer er ikkje med oss lenger. Vattentatten og Småtten. R.I.P. Vattentatten og Småtten. De vert aldri gløymde. 💔💔

23. jul, 2016

Snakk om å vere elendig på å oppdatere.......... Går litt i ett her. Området rundt huset er blitt shina med platning og skiferheller på tunet. Gamlestaua er blitt fiksa og heilt fantastisk koselig og fin. Vi kaver på og innimellom prøver vi å nyte litt. Masse koselig besøk har vi fått. Og en fin gapahuk har vi konstruert. 

For to dager sidan gjekk vi over fjellet frå Gryta til Little Høydalen. Ni time. Var fint å gå over fjellet. Og spennende å gå en an plass. :-) 

Dyra er på beite og koser seg. :-) 

Mesteparten av geitene er solgt. Litt reduksjon i flokken. Saueflokken må og reduserast før vinteren. Så hadde vore gøy å finne noken som vil til med sau......... Blir for mykje med så stor drift som no når en bør finne litt tid til familie og andre ting og. Er begrensa ka ett lite menneske kan vinne over. 

Drømmer om å bli forfatter og fotograf med ei inntekt en kan ha litt til overs av. Det hadde vore heilt genialt. 

30. mai, 2016

I dag slepte vi nl avlshingsten til avlslaget med hoppa vår. Skarv og Brumma har øvd og øvd på videreføring av gener i heile dag. 😉

I går slepte vi Storm med Betty og Satin. Kleivar går med Lollie og Esmeralda. Og Svarten går med Beatrix.

I går var vi og og leverte Lucky til et hyggelig paar som har kjøpt han av oss. Eg trur dei og Lucky blir lykkelige med kvarandre. 🙂

Unghingstane er komne på sommarbeite. Og hoppene er og på beite. Larina er omsider kommen hit att. Så glad for at eg fekk muligheta til å kjøpe Larina att. 🙂

Lamma veks og trivast. Dei kriminelle sauene er så gira på å gå der dei ikkje skal at dei no har brote seg frå et bra beite til ett som er totalt nedgnagd. 😋

Vi har laga attlegg av heile bøen innanfor fjøsen. Eg trur det blir knallbra. 🙂

Gamlestova har fått tak. Og kledning er på vei på. Så innflyttingsfest og praktikant bolig er nokelunde i rute. Dette blir bra altså. 🙂

Ellers har det no vore mykje trist denne mnden. Zarzamora og Silje to gode gamle sauer og kjære venner har gått bort. Og ungane har mista bestefaren og sambuaren far sin. I det triste er det om å gjere å finne noke fint. Og om noke skal nevnast hadde dei alle gode og lange liv. Og dei fekk bli gamle. 💔💔

Grønsaks frukt/bær hagen er nesten i rute. Må berre få litt tid til å flytte et gjerde og plante litt. 😎

Vi har fått oss en supersøt liten hane. Og hønene er blitt meir omvandrande. 🙂

 

15. mai, 2016

Då er lamminga overstått og 46 vakker og flotte søte små spring rundt på bøen og på nabogarden 4 lamm. Et nydelig føll har vi fått og tolv supersøte kje. Enno ei hoppe att å følle og ei geit å kjee. 

Neste års føll blir allereie laga. Svarten går med Beatrix og Kleivar med Lollie og Esmeralda. Kleivar og Storm er lisensierte i år. Meget spennende føll neste år.

Eg har kjøpt meg fjordhest igjen. Ei hoppe som og skal sleppast med hingst i år. 

Våren er kald og graset vekst lite. Heldigvis er det tørt ver i det minste.