Gardsblogg.

23. jul, 2016

Snakk om å vere elendig på å oppdatere.......... Går litt i ett her. Området rundt huset er blitt shina med platning og skiferheller på tunet. Gamlestaua er blitt fiksa og heilt fantastisk koselig og fin. Vi kaver på og innimellom prøver vi å nyte litt. Masse koselig besøk har vi fått. Og en fin gapahuk har vi konstruert. 

For to dager sidan gjekk vi over fjellet frå Gryta til Little Høydalen. Ni time. Var fint å gå over fjellet. Og spennende å gå en an plass. :-) 

Dyra er på beite og koser seg. :-) 

Mesteparten av geitene er solgt. Litt reduksjon i flokken. Saueflokken må og reduserast før vinteren. Så hadde vore gøy å finne noken som vil til med sau......... Blir for mykje med så stor drift som no når en bør finne litt tid til familie og andre ting og. Er begrensa ka ett lite menneske kan vinne over. 

Drømmer om å bli forfatter og fotograf med ei inntekt en kan ha litt til overs av. Det hadde vore heilt genialt. 

30. mai, 2016

I dag slepte vi nl avlshingsten til avlslaget med hoppa vår. Skarv og Brumma har øvd og øvd på videreføring av gener i heile dag. Vinker

I går slepte vi Storm med Betty og Satin. Kleivar går med Lollie og Esmeralda. Og Svarten går med Beatrix.

I går var vi og og leverte Lucky til et hyggelig paar som har kjøpt han av oss. Eg trur dei og Lucky blir lykkelige med kvarandre. Smiler

Unghingstane er komne på sommarbeite. Og hoppene er og på beite. Larina er omsider kommen hit att. Så glad for at eg fekk muligheta til å kjøpe Larina att. Smiler

Lamma veks og trivast. Dei kriminelle sauene er så gira på å gå der dei ikkje skal at dei no har brote seg frå et bra beite til ett som er totalt nedgnagd. {#smileys123.tonqueout}

Vi har laga attlegg av heile bøen innanfor fjøsen. Eg trur det blir knallbra. Smiler

Gamlestova har fått tak. Og kledning er på vei på. Så innflyttingsfest og praktikant bolig er nokelunde i rute. Dette blir bra altså. Smiler

Ellers har det no vore mykje trist denne mnden. Zarzamora og Silje to gode gamle sauer og kjære venner har gått bort. Og ungane har mista bestefaren og sambuaren far sin. I det triste er det om å gjere å finne noke fint. Og om noke skal nevnast hadde dei alle gode og lange liv. Og dei fekk bli gamle. GråterGråterKnuser hjerteKnuser hjerte

Grønsaks frukt/bær hagen er nesten i rute. Må berre få litt tid til å flytte et gjerde og plante litt. Kul

Vi har fått oss en supersøt liten hane. Og hønene er blitt meir omvandrande. Smiler

 

15. mai, 2016

Då er lamminga overstått og 46 vakker og flotte søte små spring rundt på bøen og på nabogarden 4 lamm. Et nydelig føll har vi fått og tolv supersøte kje. Enno ei hoppe att å følle og ei geit å kjee. 

Neste års føll blir allereie laga. Svarten går med Beatrix og Kleivar med Lollie og Esmeralda. Kleivar og Storm er lisensierte i år. Meget spennende føll neste år.

Eg har kjøpt meg fjordhest igjen. Ei hoppe som og skal sleppast med hingst i år. 

Våren er kald og graset vekst lite. Heldigvis er det tørt ver i det minste. 

2. apr, 2016

Ei veke att til lamminga tek til.  ☺

Huset er så godt som ferdig. Og bra er det. Er fortsatt heilt imponert over at vi skal få bu i et så fint hus. Litt forelska. 💗💗💗💗

Graset grønkast på beiter og bøar. Og vi har en kjempedyktig kar i arbeid med å fikse gjerder rundt om ( lei av sauer på rømmen). ☺ 

Sauene vart vaksinert før påske. Rart å ha påska så tidlig. Og litt godt å ikkje ha den midt i lamminga. Skjønt her gjekk det mest i husvask og flytting.  

Hingstane tek til å få litt vårfornæmmelser. Er en herlig flokk.

Har solgt litt ponnier og. Og kjøpt en hest. 😉

Litt gøy må en ha det. Skjønt om eg ikkje liker å gje slepp på noken av flokken vår. 😎

 

1. mar, 2016

Det er vår...... iallefall på kalenderen. Ute er det snø og sur austavind.

Magane veks på sauer, geiter, og ponniar. Berre litt over ein mnd att til små dyreungar er venta. Smiler

Eg koser meg med å ri ponniar og hestar frå stallen til lufting på beitet. Ikkje mange metrane likevel ei kjærkommen forandring i forhold til alltid berre å leie.

Lucky er solgt og skal flytte i løpet av våren. Eg er sikker på at Lucky får det godt der han kjem. Smiler

Huset vårt tek form for kvar dag som går no. Veggene er malt og plata i alle romma untatt våtromma og kjølerommet. Og i våtromma er golvbelegga på plass. No er det mykje forventning og glede til flytting om en mnds tid. Smiler

Skal bi godt å kunne labbe i fjøs og på beitet til alle døgnets tider. Har tusen ideer for å utvikle garden videre. Men men viktig å ta det steg for steg.  Ein kan ikkje få til alt på en gang. Kul