5. feb, 2019

Tirsdag. 05.Februar.

Hadde skrive det lange innlegget til nyttår og ramsa opp alle årets happenings. Og så sletta det seg sjøl da eg skulle laste opp bilde. Så vart litt lei mildt sagt og har styrt unna gardsbloggen sidan. 

Men men no har sinnet roa seg og siden eg har gode assistenter som tar fjøsstellet kan eg sitte i sofaen og oppdatere gardsbloggen litt. 

2018 var det vi kan kalle eit drittår på mange måter. Mista så mange kjente og kjære av folk og dyr. Toppen av kransekaka var når Gullros forulykka og strauk med rett før jul. Eg var både sjokka og trist og lei og makteslaus på samme tid.Gullros var ei av yndliskyrne mine og eg ville gjort alt eg kunne for å holde ho trygg. Ho klarte på uforklarleg vis å gå gjennom isen på en liten damm som er på beitet deira med frambeina og hadde frose ihel i løpet av natta. Ca tjue meter fra soverommet vårt. Ikkje eit raut heile natta. Hadde eg vist hadde eg kunne berga ho. Så meiningslaust og tragisk. Og og ironisk at dei klarer seg fint på fjellet med myr og stup og urer og elver. Derimot på flatmark rundt husa klarer dei seg ikkje. Så 2018 var eit år det var godt å få avslutta.

Blanke ark og fargestifter for 2019. Så langt i 2019 har helsa vore topp prioritet. MR viste to prolapser og slitasjegikt i ryggen. Så det er vel berre å insjå at eg må få rasjonalisert drifta for å unngå overbelastninger. Det betyr å reduserer frå rundt 250 dyr som vi har no til omtrent det halve. Sikkert fornuftig det og. Berre korleis skal ein redusere på sauene som er som nære venner alle sammen. ?? Det hadde vore ein draum om det dukka opp ein eller fleire som ville ha seg en flokk sauer berre for beitepuss og kos. Smiler

Sambuaren har sagt frå seg drosjeløyva. Og både sambuaren og vi andre kjenner på ei lette å få sleppe ansvaret og organiseringa drosjeløyva hadde med seg.

Eg driv å styrer med å få klar ein liten gardsbutikk der vi kan selje gardsprodukt, kunst, suvenirer og litt loppis frå sommaren av. Det skal bli spennande.

Ellers går det mykje i ull. Finne videreforedlingspotensiale for ulla og samarbeidspartnerar som vil videreforedle ulla. Sauehaldet skal over på sau kun for beitepuss og ull. Ikkje meir kjøttproduksjon her. Det kjennes som ei enorm lette å ha tatt det valget. Eg elskar sauene mine og kvar og ein er som ein nær venn. Då kjennes det heilt feil å sende noken til slakt. Så det gler eg meg til å sleppe haustar med grining og dårlig samvit når ein må velge kva sauer som må til slakt. HjerteHjerte

Eg har ingenting imot at andre bønder driv vanlig produksjon. For meg er berre tida kommen for å følge hjartet. Eg har allereie mista produksjonstilskotet på sau fordi eg ikkje produserer nok kjøtt. Ein skal vist slakte eit lamm per voksen sau. Og enda eg berre søkte på dei sauene som hadde lam måtte antall slakt delast på alle voksne sauer i flokken. Trass i overproduksjon på kjøtt her til lands. Litt ironisk. Og og litt rart å straffe bønder som tenker nytt og innovativt. Så økonomien er litt utfordrande får en sei. Men men av og til må ein ta den kronglete vegen for å nå målet.

Eg har tenkt å produsere veganer ull. Ull frå sauer som får leve for sin egen verdi og som produserer fantastisk flott og miljøvennlig ull som biprodukt fordi dei blir klipt for sitt eget velvære. På verdsbasis er ethical wool allereie et begrep. Og på samme tid pleier dei kulturlandsskapet og gjer grobunn for ein masse planter og dyr som treng beitemark for å trivast. Og god mental terapi og kos til bonden og andre som er innom garden.