21. jan, 2018

Søndag. 21.Januar.2018.

Då er 2017 over. Det vart eit år med mykje arbeid spesielt tenkjearbeid for vegen vidare.

Garden er per dags dato ikkje økologisk lenger. Av den enkle grunn at eg ikkje har råd til ikkje å kunne kjøpe kunstgjødsel og i staden måtte kjøpe for som ikkje går å få fat i nok av økologisk. Eg trur miljømessig er det betre å bruke bittelitt kunstgjødsel enn massevis med diesel (frakt) for å få laga foret.

Brumma og Venus har vore på "skule" på Norsk Fjordhestsenter og blitt tilvendt rytter og køyrt Brumma og køyrt Venus.  Så no er det berre å finne tid til å bruke dei.

Amanda er i full gang med å bli rideponni. Amanda er kjempeflink og snill. 🙂 

Ponnihoppene har fått ny stall. Som fungerer ganske bra. Utearealet er ikkje heilt klart enno men takka vere fint vintervær no har det funka bra med kompromiss løysing med tunet som uteareal. Meininga er å lage ein grusa uteplass dei kan bruke 24/7  slik som hingstane.

Ellers går ting sin vandte gang. Takket være mange flinke Workawayere og wwoofere får vi gjort det meste i god tid. Så det er absolutt supert. Og hyggelig og sosialt er det og med folk frå andre land å prate med. 🙂

Berre nokre mnder att til våren og kretsløpet på garden tek til att. Ei spennande men strevsom tid.