Gardsblogg.

31. des, 2016

Eit nytt år er omme. :-) 

Dette året har gått i rekordfart og vert fylt med både gleder, sorg, slit og latter. 

Mange kjære både dyr og mennesker har gått bort i året som gjekk.    :-( 

Vi har flytta inn i nytt flott hus på Gryta på garden. Gamlestaua er blitt renovert. Gardfloren er blitt renovert. Og ein bø har vorte grøfta og sådd. :-) 

Vi fekk eit nydeleg hingsteføll av shetlandsponni og kjøpte oss ei flott fjordhoppe. Sju hopper har vore til hingst og venter muligens føll i 2017. Fire ponnier og eselet vårt er selde og har flytta. 

Vi fekk femti fine lamm. Derav er 22 simpelamm og ti værlamm sett på. Solgt mykje livdyr og nokre stakkarar til slakt. Og no er mange sauer para med lamming om nokre mnder.

Fjorten kje kom til verden. Derav har vi beholdt fire og solgt mesteparten til livdyr og nokre bukkekje til slakt.

Hønsene har fått en sjølvavla kylling som no er blitt stor. Ei høne vart tatt av hønsehauken. Og to av dei gamle hønene strauk med av alderdom. Fire unge høner har komme til. 

Kattane har ikkje formeira seg. (konsekvensen av sterilisering.)

Og så har vi kjøpt oss tre flotte dølafekviger på tampen. 

Då gjenstår det å ynskje alle venner og kjende Godt Nytt År 2017. 

13. nov, 2016

Vinteren er kommen no. Og dermed foringssesongen for dyra. Mykje og til dels tungt arbeid om dagane. Kunne virkelig trenge en dyktig wwoofer no. Hvisker

Herlig likevel å vere i fjøsen med dyra og høyre dei gomle fornøgde på rundballe og tørrhøy. Fekk laga knusktørt høy av vårt eige gras i år. Smiler

Sæddunken er kommen på plass. Og om ei vekes tid er det tid for paring igjen. Veldig usikker på kor mange som skal parast. Er etisk imot slakt og samtidig trur eg det er viktig for dyra å kunne få lamm. Kul

Kyllingen veks og trivast. Og alle eksperter meiner kyllingen er ei ho. Smiler

Hestane koser seg med å bli litt brukt igjen etter sommaren.

Værane venter på paringstida og er så flotte att. Kul

Og vi menneska er litt slitne etter flytting og husbygging, rasegoskjenning av GNS som eg har reist rundt og vore med på i haust, arbeid og meire arbeid, planlegging av gardflor og forberedelser og ellers alt som må gjerast klart før foringssesongen. Vinker

13. okt, 2016

Hausten er komen no. Lauva står i fine fargar og vi nyt sol og kalde klare haustdagar. Det gjer dyra og. SmilerHar sett i hus værlamma for å unngå ukontrolert paring.

Årets siste slaktepulje er sendt. Og ein del livdyr er flytta. Værar har komme til for paringssesongen. Og sauene går i ein stor flokk på inn og utmark. Rasegodkjenning av GNS har vi gjennomført på ei lita gruppe av sauene. Og dei aller fleste vart rasegodkjent som GNS. Smiler

Kyllingen veks og trivast. Smilerog dei svartbrune hønene legg flittig egg.

Kåringssjået er overstått med fire av fire mulige lamm kåra. 1.pr. på GNS lamm med Kaktus og 2.pr. på sjeviot lamm med Pedrolito. Vi hadde med to voksne værer. Der fekk Jonsokgutten 1.pr. og Huacayus 2.pr. Kul

Klippinga er i gang. Og det samme er planlegging av paring osv.

18. sep, 2016

Det går mot haust. Og heldigvis vart det nokre dager med fint ver etter vekevis med regn. Smiler

Ei pulje med slaktesauer er sendt. Ein god del livdyr er tinga. Geiteflokken er redusert til vinterbestanden. Det er snart fjøssesong igjen.

Eg har fullført utdannelsen min som dyretolk. Og har blitt rasegodkjenner på Gammalnorsk Spælsau. Kul

Ei bra gruppe med hopper er bedekt for følling 2017. Vi gler oss veldig. Kul

Golvet i utegangsstallen vart støypt på i går så den er og i rute. Kul

To kjære sauer er ikkje med oss lenger. Vattentatten og Småtten. R.I.P. Vattentatten og Småtten. De vert aldri gløymde. Knuser hjerteKnuser hjerteGråterGråter

23. jul, 2016

Snakk om å vere elendig på å oppdatere.......... Går litt i ett her. Området rundt huset er blitt shina med platning og skiferheller på tunet. Gamlestaua er blitt fiksa og heilt fantastisk koselig og fin. Vi kaver på og innimellom prøver vi å nyte litt. Masse koselig besøk har vi fått. Og en fin gapahuk har vi konstruert. 

For to dager sidan gjekk vi over fjellet frå Gryta til Little Høydalen. Ni time. Var fint å gå over fjellet. Og spennende å gå en an plass. :-) 

Dyra er på beite og koser seg. :-) 

Mesteparten av geitene er solgt. Litt reduksjon i flokken. Saueflokken må og reduserast før vinteren. Så hadde vore gøy å finne noken som vil til med sau......... Blir for mykje med så stor drift som no når en bør finne litt tid til familie og andre ting og. Er begrensa ka ett lite menneske kan vinne over. 

Drømmer om å bli forfatter og fotograf med ei inntekt en kan ha litt til overs av. Det hadde vore heilt genialt.