Shetlandsponnier.

2001 var vi og såg på to 6mnder gammle shettishoppeføll på Averøy. Valget falt på den raggete lille svarte Sunniva etter Gilbert v.h. Iebenbos og Tangens Søtnosa. Vi måtte fange ho med lasso på beitet og så vart ho bært til hestetilhengeren. Sånn kom shettiseventyret i gang her.

Shetlandsponnien er ein rase som fascinerer meg noke enormt. Så små, sterke, kloke og snille ponniar.

I 2002 kjøpte eg Valhall Little Secret med føllet Grytas Chess og i 2004 kjøpte eg Dennis frå Nordgard etter mi meining ein av landets finaste avlshingstar.
Så vart det voldsomt mykje ponniar og mange avla føll kvart år ei stund. Og gnisten for avlen vart litt svekka med eit marked som ikkje akkurat lønner det slitet og arbeidet det faktisk er å avle gode bruks og avlsponniar. Stall Gryta vart godkjent som Shetlandsponnistutteri gjennom NPA i 2009. Og eg er stolt av den stutterigodkjenninga. Det er for tida berre ti godkjendte shetlandsponnistutteri i Norge. Så det er litt eksklusivt. Av økonomiske og praktiske årsaker valgte eg å ta ein liten pause fra avlen i to år. Selde hingsten og selde mesteparten av dei voksne hoppene. Så får vi sjå kva neste generasjon bringer. Eg gleder meg til å få følge dei frå føll til voksne ponniar for ein gongs skuld. Årets føll har både hingst og hoppe avla her med Grytas som prefix. Spennande å sjå resultatet av 2. generasjons grytas avl.

Er glad i kvar og ein av ponniane. Det er store personligheiter alle sammen. Og det er verkeleg verdsatt både av hest og eigar når anledninga byr seg for litt skikkelig kvalitetstid med turar i fjell og mark sammen. Er ingen problem med snille og pålitelige turvener som shettisane er.

Avlsmålet mit for rasen er tettbygde lågstilte ponniar av den gamle typen. Med eit stødig og godt gemytt for handtering av alle slags folk. Gode bein og bevegelsar er sjølvsagt. Og ein psyke som fungerer fint i flokk med eit hårlag som er laga for å tåle vestlandsver.

Kos i hoppeflokken på sommarbeite 2013.

Avlshopper.

Sunniva. NPA 3793. NS 823.

Sunniva kom til oss som 6 mnder gammelt føll i 2001. Ho er etter Gilbert v.h. Iebenbos NPA 1802 NS 289 og Tangens Søtnosa NPA 2289.  Sunniva er snill både å køyre og ri.

Utstillinger.

Sogndal 2002. Sløyfe.
Breim 2003. Sløyfe.
Mo 2007. Godkjent.

88 cm.

Føll.
 
2007 fekk ho Grytas Leander med Dennis frå Nordgard.
2008 aborterte ho et vakkert hoppeføll etter Dennis frå Nordgard.
2009 fekk ho Grytas Ariell gråblakt hoppeføll med Neptune of Bryghart.
2010 var ho ikkje drektig eller kasta tidleg med Dennis frå Nordgard.
2011 fekk ho Grytas Denise svart hoppeføll med Dennis frå Nordgard.

Sunniva om vinteren 2012.

Grytas Chess. NPA 4391. NS 824.

Chess skulle egentlig komt til verden hos oss. Skjebnen gjorde likevel til at vi ikkje fekk henta ho og Secret før ho var blitt ei veke gammal og småvill. Chess er født 2002 og er etter Valhall Black Panter NPA 3558 og Valhall Little Secret NPA 3561 NS 639 2.pr. I i kval. Chess er en super bruksponni. Og fungerer fint som rideponni for både store og små.

Utstilling.

Breim 2003. Sløyfe kval I.
Mo 2007. 3.pr.

94 cm.

Føll.

2006 fekk ho Grytas Esmeralda etter Dennis frå Nordgard.
2007 fekk ho Grytas Cesar sl.pr. etter  Dennis frå Nordgard.
2008 var ho tom etter bedekking med Dennis frå Nordgard.
2009 fekk ho Grytas Tom sl.pr. kval I svart hingst etter Dennis frå Nordgard.
2010 fekk ho Grytas Storm rød hingst etter Heathers Lille Buster. 
2012 fekk ho Grytas Amanda rød hoppe etter Amandus fra Steinsrud.

Chess på sommarbeite 2012.

Grytas Esmeralda NPA 5794.

Født 09.05.2006. Etter Dennis frå Nordgard og Grytas Chess.

Hoppeskue Mo 2015. 2.pr. kval I. Med poenga 9-9-7-8,5-8,5 9 på lynne og 93 cm.

Føll.

2014 fekk ho ein svart hingst, Grytas Jonsok Prins, med Grytas Prins Mars.

2015 fekk ho ein brun hingst, Grytas Bukefalos, med Rosengårds Monsun.

2017 fekk ho ein svart hingst, Grytas Esteban, med Grytas Kleivar. 

Esmeralda kom til verden på Stall Gryta og flytta som 6 mnders føll til Paula Jakobsen. I 2013 var vi så heldige å få låne Esmeralda for å avle på ho. Og no i 2015 fekk vi overta ho. Tusen takk til Paula Jakobsen for at vi fekk godjenta tilbake. Ein vakker og snill ponni på alle måtar.

Stjernens Mini Sunlolli. NPA 7410.

Lollie er født 28/04-2009. Palominfarga hoppe etter Shambles Ray of Sunshine og Stjernens Mini-Whisky. Kom hit hausten/vinteren 2009 frå Stutteri Stjernen i Danmark. Eigar er Viktoria Vonen (dotter mi) som fekk ho i dåpsgave av meg. :)

Hoppeskue Mo 2015. 2.pr. kval II med poenga 8-8-7-8-8 9 på lynne 84 cm.

Ei vakker minihoppe med topp stamme. Burde bli ei stilig avlshoppe med tida. Lollie er eit spesielt lite vesen med skikkelig mini attitude. Snill og likevel bestemt, og for noken flotte bevegelser, så vakker.

2012 bedekt med Zaspel aus Waat.
Ikkje drektig.
2015 fekk ho Grytas Rainbow, rød/kvit flekkete hingstføll med stjerne, etter Rosengårds Monsun.

2017 mista ho eit vakkert rødt/gult hingsteføll etter Grytas Kleivar. Føllet kom baklengs og sto ikkje til å berge. 

Lollie på hoppeskue 2015. (Foto Inger Grønntun.)

Grytas Denise. NPA 7862.

Denise er født 08/04-2011. Ei bittelita svart hoppe med ein kjempestor personligheit. Ho er etter Dennis frå Nordgard og Sunniva. Eit ekte kjærleiksføll då hingsten forserte fire gjerder og bortimot to km for å komme til hoppa og var der berre ein dag.


Sommaren 2012.

Grytas Amanda NPA 8181.

Amanda f. 01.05.2012 er ei rød hoppe etter Grytas Chess og Amandus fra Steinsrud. Kommande avlshoppe om alt går bra. Stor og velbygd hoppe.

2016 fekk ho eit svart hingsteføll, Grytas Benjamin, etter Svarten.

2017 tom/kasta etter bedekking med Svarten. 

Vinteren 2014.

Grytas Satin Future.

Satin Future f. 03.07.2013. Svart hoppe etter Grytas Betty og Ødegaardens Future. kommande avlshoppe om alt går bra. Kraftig type.

2017 fekk ho eit svart hoppeføll, Grytas Camilla, med Grytas Storm. 

Sommaren 2014.

Grytas Scootaloo.

Scootaloo er ei brun hoppe f. 02.05.2014. Etter Grytas Pegasus og Grytas Beatrix.

Våren 2015.

Unghopper.

Grytas Camilla.

F. 17.05.2017. Svart hoppe etter Grytas Storm og Grytas Satin Future. 

Grytas Connie.

F. 17.05.2017. Etter Grytas Storm og Grytas Betty. 

Avlshingst.

Grytas Kleivar.

Rød hingst med kvit fnugg i Panna. Født 07.06.2013. Etter Stjernens Columbine og Ødegaardens Future. Skikkeleg flott hingst med spennande stamme for vidare avl. Lisensiert 2016.

2017 fekk han eit flott svart hingsteføll, Grytas Esteban, med Grytas Esmeralda.

Med Stjernens Mini Sunlollie fekk han eit vakkert rødt/gult hingsteføll som kom baklengs og vi ikkje klarte å berge 2017.

Unghingstar.

Grytas Flying Star.

 Flying Star er f.02.05.2014. Etter Grytas Pegasus og Grytas Carmen.

Grytas Jonsok Prins.

Jonsok Prins er f.24.06.2014. Etter Grytas Prins Mars og Grytas Esmeralda.

Grytas Rainbow.

Rainbow er en rød/kvit flekkete hingst med stjerne. Født 04.06.2015. Etter Stjernens Mini Sunlollie og Rosengårds Monsun.

Grytas Bukefalos.

Bukefalos er født (klokka 00.55) 20.06.2015.

Stor og velbygd hingst etter Grytas Esmeralda og Rosengårds Monsun. Mørk brun.

Grytas Benjamin.

Benjamin er født 05/05-2016. Svart hingsteføll etter Svarten og Grytas Amanda. Flott bygnad og svevande røyrsler.

Grytas Esteban.

F. 06.05.2017. Etter Grytas Kleivar  og Grytas Esmeralda.

Sosial og vakker unghingst.