 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Hester er fantastiske skapninger.
Ville og vakre kjem dei til verda. Og skjønt om dei er mykje sterkare enn oss let dei oss bestemme og styre deira kvardag og veg.
Det er ei ære å vere hesteigar og ei ære å få ta vare på nokre av verdas mest skjeldne hestar Nordlandshest/Lyngshest-ane. Shetlandsponnien gjer et unikt arbeide med å ta vare på kulturlandskapet der dei aktive bøndene minker i antall for kvart år.
Shetlandsponnier i landskapspleie på kulturbeite.
Å leike med hester.
Eg elskar å "leike" med hestar. For meg er det det sosiale samværet med hestane og tilhøyrigheta i flokken som betyr mest. Utallige timar går med til å løfte hover, gi labb, hoppe på ryggen til hestane og dingle rundt med dei på beite, kosing, prating og leik. Eg hadde nesten gløymt kor viktigt dette var nokre år der vi prøvde å vise verden at vi og kan trene hest. Vist kan vi det. Berre at det er ikkje eit slikt hestehald eg ve ha.
Hestane trives mykje betre med å gå i flokk og leike litt av og te en dei gjorde på boks med dekken og treningsøkter kvar dag. Og for meg er dei harmoniske godlunte hestane det viktigaste i hestehaldet.
Ei veninne sa ein gong at samme kva hest det var så kom den etter ei stund hjå oss til å vere snill og tilitsfull. Det stemmer kanskje for hjå oss vert alle hestane behandla med respekt og som enkelt individ med ulike behov.
Eros leikar med katt.
Uredde og kontaktsøkande hestar.
Når eg kjem på beitet står hestane i kø for å få kos. Når vi prøver å ta bilder er det stortsett alltid en hest som står å dulter i en for å få merksemd. Så mange gode bilde vert ofte forpurra av akkurat det. Men det er akkurat sånn eg ve ha hestane. Trygge og med behov for nærheit av menneske.
Samtidig har de respekten som trengst og flytter seg frå forplassen om eg ber dei. Og dersom dei kranglar held det å heve stemma for å be dei flytte seg.
Electra kan ikke komme nær nok.
Med hestar i flokk i større eller mindre grupper heile året er det viktigaste at dei er handterbare og lette å få fat i. Shetlandsponniane kjem når vi plystrar. Nordlandshest/Lyngshest-ane kjem om dei trur vi kunne ha noke godt. Dei vurderer alltid situasjonen før dei reagerer. En svært god egenskap for gode brukshestar.
Alle hestane våre er vandt med å bli leia etter luggen eller haka. Og det fungerer om det er berre frå beitet til stallen eller 15 minutt å gå.
Morgonstund i hestefamilien for nokre år sia.
Brukshestar.
Så tenkjer nok nokre at alt dette er sikkert fint og bra. Berre det at hestar bør kunne brukast til noke og.
Og det kan hestane sjølvsagt og. Når eg rir tar eg ofte berre med hodelag og hjelm og går på beitet og så rir eg. Det er ein herlig følelse å ha det så lettvint og vestlandsnaturen gjer en stadig prøvelser med bratte bakker og mykje skog. Likar best av alt å ri på annleggsveien i nabo bygda der ein ser heile havet frå toppen av fjellet. Sånn sett er vestlandet genialt. Saknar likevel flate veier der en kan ri i litt høgare tempo og gjerne køyre. Med over ti prosent stigning på deler av anleggsveien begrenser det seg i allefall køyremessig.
Hovedveien er smal og med til tider mykje og farleg traffik. Så no er prosjektet i gang med å få til gamleveien så ingen grinder er stengt. Den går paralelt med hovedveien og er perfekt for riding. Ikkje er det lovleg å ha låste grinder på ein gammal ferdselsvei likevel står det at ei grind som låsen må fjernast på før vi kan ta i bruk gamleveien.
Vakker og klok og snill og til å lite på.
Avl.
Sidan eg alltid har drive med saueavl var det eit naturleg val å sette i gang med hesteavl når eg vart voksen. Stamtavler og dei nusselige følla er motivasjonsfaktor nok. Mykje har endra seg i hesteavlen. Og desverre har det meste endra seg til det verre. Noke som er trist og temmelig demotiverande i kvardagen. Heldigvis er hestane og fornøgde folk som har fått hestar herfrå en god motivasjonsfaktor.
Babette nokre dager etter følling.
Avlsmål.
Nordlands/Lyngs-hest.
Målet med desse hestane er å ta vare på etterkommerene etter Sanna og Ravn og dermed ta vare på en liten del av Sanna og Ravn. Desverre er Ronja ikkje i stand til å få føll lenger så alt er avhengig av Sandra og kommende generasjoner. Sandra har blått pass så det tar noken år å få stammen over på rødt pass igjen. Er ikkje sikker på om det er følla til Tindra eller følla til følla til Tindra som får rødt pass. Hvertfall er målet å få to rødpass hester etter den stammen. Har og et barnebarn av Ronja etter Kunnaprinsen. Fiona er etter Kunnaprinsen og Gaia og har rødt pass. Gaia er den einaste "fremmede" avlshoppa som er på garden. Spesiell stamme og mykje gode kvaliteter på den hoppa. Så vi er veldig spent på kor Fiona vert. Til no er det hvertfall en alle tiders trivelig hest. Avlen på denne rasen blir veldig begrensa av markedet då vi ikkje har anledning å ha hingstar på garden hverken unghingstar eller egen avlshingst. Så et eller to føll i året er grensa.
Shetlandsponni.
På shetlandsponni er det fornuften meir en følelsane som styrer. Har eit klart definert avlsmål om "brukande" ponnier. Her har det lite å seie om ponnien har topp showpoeng. Det som tel er fornuftige, lettfora, snille og handterbare ponnier. Dei må kunne ridast på en komfortabel måte og vere fornuftige i alle situasjoner. Bevegelser og bein er særs viktige sammen med ei god helse. Målet er med tida å få ponnier med Gryta prefikset i fleire generasjoner og å ha en liten ponniflokk som får vere så naturleg som mogeleg og gå på kulturbeita våre og vere med å hindre attgroinga. Dennis er fundamentet i avlen. Dennis er den vakraste hingst av rasen eg har sett. Med en fantastisk man og en personlighet eg er blitt veldig glad i. Han er etterkvart en eldre hest så vi er glade for kvar avlssesong vi fortsatt får ha han i avl.
Er veldig nøye på at ponniane skal vere solide og sterke. Og at dei går godt i flokk og er snille rundt folk.
Avlen på rasen her på Gryta styres mykje av økonomien min og energioverskuddet mitt. Og no vert det en liten pause i avlen med berre to bedekkinger i hvertfall i år så får vi sjå ka tida bringer.
Dennis på hoppe slepp.
|
|
|
 |