Sjeviot på Gryta.

Sjeviot.

Sjeviot er opprinneleg ein engelsk sauerase som har vorte importert til vestlandet. Rasestandaren er en kompakt kortbeint sau med rette øyrer og fargen kvit. Klauer og områda rundt snute og auger skal helst vere svart. Det finnes og svarte individ og flekkar på kroppen forekjem. Men i det offisielle avlsarbeidet vert berre kvite værar med god kvalitet på ull (god tettleik, mengde, glans og utan marg) godtatt. Svarte flekker i ullfellen er diskvalifiserande. Gult fett er også diskvalifiseringsgrunnlag.

Sjeviot er den rasen som opprinneleg var på Gryta da vi kom hit i 1984. Sidan den tid har vi avla mange kvalitetsdyr av Sjeviot og til og med to værar til semin har vi levert. Albin og Kortballesvinten. Vi var med i Sunnfjord sjeviotring til eg overtok begge gardane i 2008.

 Vi har hatt ei rekke værar med i Sunnfjord sjeviotring. ( Balder, Albin, Odysseus, Bergmann, Millenie-Lotten, Bertinius, Kortballesvinten og Falk Brynjar.)

No er fortsatt tyngda av saueflokken på sjeviot. Vi har dei vanlege kvite og også nokre heilt svarte.

Kvifor er det akkurat sjevioten vi har valgt å satse på. Det fins det nok fleire grunnar til. Sjevioten er i grunnen en liten og kompakt sau som passer godt på meir eller mindre bratte og myrlendte vestlandsbruk. Det er en veldig nøysom sau som nytter beiter og for godt. Sauene har stort sett god melkeevne og får fine kjøttfulle lamm med god slakteklasse. Ulla er og svært god. Og eksteriøret på sjevioten er svært tiltalande. Med ståøyrer og kvikke auge.

Flotte og rasetypiske søyelamm.

Søyer.

5054. Lotte-Lisa.

Stor og kraftig søye. Hadde to flotte lamm 2008.
Hausten 2011.

7024 Heart.

Vakker og rasetypisk søye. Hadde 2008 et værlamm som hadde sammengroing i brystregionen så det stakkars lammet som vi kalte Modig vart berre to dagar gammal.
Hausten 2011.

7103 (7032) Florentina.

Kom frå nabogarden hausten 2007. Hadde 2008 et spælkryssningssimpelamm på over 40 kilo.

8040 Rips.

Vakkert simpelamm etter Cassis og Falk Brynjar.

Rips hadde egentlig ikkje lamm i 2009. Så overraskinga var stor då vi i juni juli køyrde forbi beitet og eg hylte til då det sto et bittelite fortsatt vått lamm på beite. Vesle Ultima. Så då vart det lamm likevel i 2009 etter at Botolf hadde sneke seg i simpestekken tidlegare på året og laga vesle Ultima.

8059 Mir.

Fin simpe etter Svanhild.
Hausten 2008.

9011 Lotte-Lina.

Flott søye etter Mr. Muscel og Lotte-Lisa.

9032 Albine.

Vakker søye etter Mr. Muscel og Albertine.

9019 Candy.

Flott søye etter Bandit(svart) og Cassis(svart).


Sommaren 2011 var det berre flaksen som redda Candy. Ho var kommen på rygg og en ravn eller ei kråke hadde hakka av all huda i en ring rundt tuppen av halen. Heldigvis fant eg ho i tide og fekk leia og køyrt ho og lammet attende til gards. Halen er no delvis grodd og virker til å skulle bli heilt fin igjen med tida.

9025 Ibiza.

Vakker søye etter Bandit(svart) og Makarena.

9027 Frida.

Flott søye etter Mr. Muscel og Frigg.

9029 Bandula.

 Flott søye etter Bandit(svart) og Petula.
Bandula. På beite sommaren 2009.

9017 Dolly.

Flott søye etter Bandit(svart) og Black Eyed Joleen(svart auge).

9042 Florry.

Flott svart søye etter Bandit(svart) og Florentina.
Florry. På beite sommaren 2009.

0016 Florence.

Flott kvit søye etter Florentina og 2008 04766 Jones (Engelsk Semin.)

0086 Ravna.

Svart søye etter Cassis og Ravnøygutten (suffolk). 1/2 sjeviot og 1/2 suffolk.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Jon Knutsen | Svar 26.11.2010 14.07

Ein trivelig sauerase....

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

13.12 | 01:12

Er ikkje så god på fylker men sjå på ponniavl.no for stutterioversikt. Evt om det er mini eller standard og evt farge du leiter etter.

...
13.12 | 01:07

Skikkelig skjønning. Og etter to herlige foreldre. Send gjerne bilde på mail omdu har bilde av han. Og gi han en god kos frå meg.

...
12.12 | 20:33

hei. artig og se på siden deres :) vi er nå eiere av grytas goliat. bedre ponni finnes ikke. så nusk som føll da :)

...
30.10 | 23:53

Heihei, vet dere om noen shetlandsoppdrett i vest-agder?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE